Høyrt om «Fløen»? Det vil du garantert når hytta kjem

FLØEN: Plansjef i Flora kommune, Anders Espeset har fått hjelp av Jan Arve Solheim  og Ruth Solheim med å finne den riktige forankringa til den nye dagsturhytta på Fløen.

FLØEN: Plansjef i Flora kommune, Anders Espeset har fått hjelp av Jan Arve Solheim og Ruth Solheim med å finne den riktige forankringa til den nye dagsturhytta på Fløen. Foto:

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

FLØEN: Veit du kor «Fløen» er? Med den nye dagsturhytta som no kjem, vil Fløen bli eit kjent utfartsmål i Flora kommune.

– Det er eit veldig fint område, om den då ikkje blæs vekk, seier Anders Espeset. Han er den nye plansjefen i Flora kommune og prosjektleiar for dagsturhytta som no skal opp på Fløen.

At det blæs her på toppen, skulle på den andre sida vere gunstig med tanke på ly.

Det viktigaste for prosjektet har uansett vore å finne ein stad med utsikt til havet. Og det er det i stort monn på Fløen.

Same hytta

Dagsturhytta er ei lik hytte som er finansiert av Sparebankstiftinga. Den skal opp i alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. Flora si dagsturhytte er under bygging. Dei skal bygge seks i første omgang, og tanken er å sette desse seks opp allereie i haust.

Utsikta er spektakulær i alle himmelretningar. Det er den perfekte plassering for ei dagsturhytte her i Flora kommune.

Anders Espeset, plansjef i flora kommune og prosjektleiar for dagturhytte-prosjektet

– Det er sagt utskiping i siste halvdel av november. I teorien betyr det at den er klar på denne sida av jul, men det er avhengig av vêr og flygeforhold, seier Espeset.

Hytta skal nemleg fraktast opp i helikopter. deretter skal den boltast fast i fjellet med 12 festepunkt. Det var synfaringa i samband med dette Espeset og Solheim gjorde på Fløen no nyleg.

Nydeleg område

Plansjefen som sjølv er turleiar i Flora Turlaget meiner dei har funne den perfekte plasseringa.

– Det er eit fantastisk område. Utsikta er spektakulær i alle himmelretningar. Det er ei god stigning opp, men overkommeleg for mange. At det er stigning er spennande for ungar. Det er også ein fordel at ein har høve til å gå vidare opp til Hatlesetnipa. Det gjer området fleksibelt og fint, seier han.

Betre parkering

Parkeringsforholda på Grov der stien startar er i ferd med å bli utbetra. Kommunen har god dialog med grunneigar.

– Det er same grunneigar på heile området. Han har vore veldig positiv ifrå start av, og det er ein føresetnad for at vi skal kunne få dette til, avsluttar Espeset.

Så for dei som enno lurer så er Fløen i enden av den bratte stigninga på vegen opp til Hatlesetnipa om du går ifrå Grov. Her er du på 450 meter. Espeset opnar også for at stien opp skal rustast opp om utfarten til Fløen vil auke.

Artikkeltags