Dei vil klekke betre i lag

Vanja Viken, Aksello og Roger Ulvestad, Kunnskapsparken.

Vanja Viken, Aksello og Roger Ulvestad, Kunnskapsparken. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Dei to "klekkeria" for nyskaping i næringslivet i fylket satsar på at auka samkvem innover vil løfte fram fleire gründerar.

DEL

Dei to inkubatorane Aksello AS i Florø og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, i Sogndal, Førde og Stryn, er samde om å styrke innovasjonsmiljøa i fylket.

– Vi opplever at fleire treng bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. Dette skjer mellom anna grunna reduserte oljeprisar, det grøne skiftet og auka digitalisering. Dette krev omstilling og nytenkning. Ved å samarbeide tettare kan vi betre dekke det aukande behovet , fortel Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello i ei pressemelding.

Det aukande behovet i gründer- og utviklingsmiljøet kjem også fram i ei marknadsundersøking gjennomført av inkubatorane hausten 2016. Undersøkinga viser at gründerar og etablert næringsliv treng meir kompetanse og ressursar innan prosjektleiing og
forretningsutvikling og hjelp med å nytte offentlege verkemiddel. I tillegg kom det også fram at særleg etablerte bedrifter treng meir tid og kapasitet til å jobbe med innovasjon.

– Ved å jobbe saman kan vi tilby gründerar og etablerte bedrifter eit heilskapleg tilbod som tek hand om desse behova. I tillegg til å effektivisere ressursane våre, vil vi også auke den samla kompetansen vår. Dette vil sikre eksisterande arbeidsplassar, skape vekst og nye arbeidsplassar, seier Roger Ulvestad, inkubatorleiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Inkubatorane oppretta ei felles landingsside på nettsida til Driftig, ein informasjonskanal for gründerar, idéskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane. På www.driftig.no/inkubator kan gründerar og etablert næringsliv finne meir informasjon om tilbodet og opptakskriteria til inkubatoren, og søke om opptak av sin idé.

Artikkeltags