Karrieredag for yrkesfag på Flora VGS

Illustrasjonsfoto: Karrieredag på Flora VGS. Even Midtbø, lærling på WIS.

Illustrasjonsfoto: Karrieredag på Flora VGS. Even Midtbø, lærling på WIS. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kva moglegheiter finst det? Og korleis kan ein få meir informasjon slik at ein kan gjere det riktige valet? Det håpar opplæringskontora å gje ungdom svar på denne veka.

DEL

Torsdag kveld klokka 18 arrangerer Flora vidaregåande skule karrieredag for alle elevar på Vg1 yrkesfag og deira føresette. Opplæringskontora vil presentere moglegheiter innan yrkesfag og gje tips til korleis elevane skal gå fram for å nå desse.

– Vi legg opp til ei fellessamling på 40 minutt, og at alle får går på to parallelle sesjonar med opplæringskontora og til slutt moglegheit til å prate meir uformelt med dei ein ønskjer, informerer Kurt Johni Langedal og Arnfinn Ekerheim, arbeidslivskontakt på Flora Vgs, i eit skriv sendt til føresette, og legg til:

– Dei som har mest påverknad på karrierevalet til dei unge er foreldra. Vi vil derfor sterkt oppmode føresette til å bli med for å sette seg inn i kva som skal til for å skaffe seg ein læreplass etter Vg2.

Desse aktørane kjem: 

  • Bilbransjens opplæringskontor (BOK)
  • BYGGOP, Opplæringskontoret for bygg -og anleggsfagOpplæringskontoret for anleggs- og bergfagene (OKAB)
  • Opplæringskontor for Elektrofag (OFEL)
  • Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfaget (OKFH)
  • Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri (PRO)
  • Opplæringskontoret for Transport og Logistikk (OTL)
  • NAV sin rådgjevar i vidaregåande skule
  • Rådgjevarar frå Flora Vidaregåande Skule

Artikkeltags