Flora-elevar sikrar lys til 140.000 menneske i Malawi

FLORØ: Flora vidaregåande skule, Fagbokforlaget og eit europeisk fornybart-fond bygger ut 325 solcelledrivne ladestasjonar i Malawi.

DEL

Malawi er eit av verdas fattigaste land, der 90 prosent av innbyggarane lever for under éin dollar om dagen. Dei fleste av desse har ikkje tilgang til straum, og nyttar seg av parafinlamper eller eingongs-batterilykter som lyskjelde mellom kl. 18 og 6.

Fire millionar til dei fattigaste

Flora vidaregåande er mest kjend for å drive yrkesopplæring i Malawi. Gjennom Fredskorpssamarbeidet har dei samtidig adressert problemet med mangel på straum.

– I starten i 2013 baserte Kumudzi Kuwale seg på pengestøtte frå vidaregåande-elevar i Flora. Det har gjeve overskot, men veksten har gått sakte. I 2016 vart laget styrka då Fagbokforlaget – gjennom stiftinga Grønn-Hagen Bjørke Malawi Foundation – fatta interesse for prosjektet. Sidan har Flora vgs. stilt med kompetanse medan Fagbokforlaget har gitt finansiell kapital som medeigar, fortel Øystein Garfors, styremedlem i Kumudzi Kuwale og utviklingsleiar ved Flora vidaregåande skule.

Det å kunne tilby lys til ein av verdas aller fattigaste menneske til ein pris de kan ha råd til, samtidig som det er forretningsmessig berekraftig er noko vi er veldig stolte over.

Arne Marius Skillingstad

Saman adresserer partane i FNs berekraftsmål nummer 7 om «å sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkommeleg pris til alle». Nyleg overbeviste dette privat-offentlege initiativet fornybar-fondet «Energy and Environmental Partnership» (EEP Afrika) til å satse ytterlegare.

I tilsegnsbrevet frå EEP står det at Kumudzi Kuwale var ein av 29 som fekk støtte etter ein svært konkurranseprega evaluerings- og utveljingsprosess som starta med 530 søkarar.

– Det å kunne tilby lys til ein av verdas aller fattigaste menneske til ein pris de kan ha råd til, samtidig som det er forretningsmessig berekraftig er noko vi er veldig stolte over, seier Arne Marius Skillingstad, dagleg leiar i Kumudzi Kuwale / Fredskorpsdeltakar frå Flora vgs. i ei pressemelding.


Leverer lys til 11 kr månaden

Prosjektet som «no one should be left in the dark», er ei vidareføring av ladestasjonskonseptet som Kumudzi Kuwale har hatt stor suksess med tidlegare. Kostnadsramma er på 3.8 millionar, der EEP sin støtte utgjør 2 millionar kroner.

Konseptet gjer at landsbybuarane kan leige ei ladbar lampe for 11 kr månaden. Lampa kan ladast så mange gonger kunden ønskjer i løpet av denne månaden, vanlegvis 2 gonger per veke. Stasjonen vert installert i eit vanleg hus i landsbyen kor bebuaren sjølv administrerer verksemda mot ein del av omsetninga.

Kumudzi Kuwale har i dag agentar i kring 50 landsbyar, men dette skal auke formidabelt dei to næraste åra.


Overskotet kan nå fleire

– Sidan berre 10 prosent av Malawis 18 millionar er knytt til straumnettet, er det ein stor marknad å ta av. Basert på eigne berekningar vil vi bruke vidare profitt til å bygge ut endå fleire stasjonar som kan nå opp mot 330.000 personar innan 2025, fortel Arne Marius Skillingsstad (28).

Men legg til at han samstundes er audmjuk på at dei først skal gjere unna første etappe med 325 nye ladestasjonar som kan nå ut til 145.000 menneske.

Fakta

Om Energi and Environmental Partnership

EEP er et multi-donor fond som tilbyr tidlig fase tilskudd til innovative reine energiprosjekt, teknologi eller forretningsmodeller. EEP mottar økonomisk støtte fra Østerrike, Finland, England og fra Nordic Development Fund. https://eepafrica.org/eep-africa-trust-fund-enters-full-operational-mode/
 

Kumudzi Kuwale Ltd.

Kumudzi Kuwale er et eksempel på sosialt entreprenørskap – bedriften har som mål å løse sosiale problemer og forbedre menneskers liv ved tilgang på elektrisk lys, men ved å bruke forretningsmodeller som genererer profitt og er bærekraftige. Bedriften har idag 61 ansatte, og har levert elektrisk lys til om lag 50,000 kunder i løpet av de siste årene. Bedriften startet opp i 2013. Bedriften er eid av GHBMF (58 %) og av Nkhotakota Youth Organisation. Arne Marius Skillingstad er Daglig leder i Kumudzi Kuwale Limited. Han har telefon +265 884 288 610, arne.skillingstad@kumudzikuwale.com.


Grønn-Hagen Bjørke Malawi Foundation

Er en norsk stiftelse etablert i 2007 og har siden bygd flere titalls skoler og brønner i Malawi. De har fått finansiering av både Norad og Kavlifondet. Fagbokforlaget er den største bidragsytaren for solenergisatsinga til Kumudzi Kuwale kor dei eig vel halvparten av aksjene. Stiftelsen er godkjent av Innsamlingskontrollen og oppført med å bruke så lite som 1,1 prosent til administrasjon. Resten kommer prosjektene og deres formål til gode. Ola Grønn-Hagen er daglig leder, +47 90 66 10 43, ola@gronn-hagen.no. Han er også styremedlem i Kumudzi Kuwale Ltd.

Artikkeltags