La ned IKT-klasse i Florø

Artikkelen er over 1 år gammel

Hovudutvalet for Opplæring i fylket la tysdag ned VG2 IKT servicefag ved Flora vidaregåande skule.

DEL

Tysdag handsama Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane opplæringstilbodet for 2018/2019.

Fylkesdirektøren føreslo i sitt framlegg at ein ikkje skulle lyse ut VG2 IKT- servicefag ved Flora Vidaregåande skule.

Forslaget er grunngjeve med at det i høyringsframlegget,«Endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen», er foreslått å flytte programområdet frå service og samferdsel og over i utdanningsprogram for elektrofag. Den nye yrkesfaglege strukturen er enno ikkje vedteken.

Fekk fleirtal

Det var fylkesdirektøren si vurdering at fylket ikkje skal tilby programområdet fram til endringane i tilbodsstrukturen trer i kraft skuleåret 2020 - 2021.

Tysdag vart fylkesdirektøren sitt framlegg vedteke av fleirtalet i opplæringsutvalet. Berre Venstre og Ap ville oppretthalde tilbodet i Florø, men det var ikkje nok til å få fleirtal.

Framlegget inneber også at vg2 sal, service og tryggleik ved Flora vgs. vert lyst ut, ein klasse som ikkje blei sett i gong dette skuleåret på grunn av søkartal under minimumsgrensa.

Fylkesdekkande tilbod i Florø

Flora-ordførar Ola Teigen sendte på førehand brev til fylkesdirektør Bekka Skaasheim og fylkespolitikarane i Opplæringsutvalet, der han bad om at linja vart opprettheldt i Florø.

- Tilbodet blei etter vedtak i skulebruksplanen lagt som eit fylkesdekkande tilbod ved Flora vgs., og slik eg les saka er skulebruksplanen fortsatt styrande for dei vurderingane som vert gjort, påpeikar han.

- I høyringsframlegget blir det óg peika på at utviklinga tyder på at IKT – kompetanse stadig vert viktigare. Dette er i så måte eit godt argument for at Sogn og Fjordane også i framtida bør ha dette tilbodet. Ber med dette om at VG2 IKT Servicefag ved Flora vidaregåande skule vert lyst ut, skreiv Teigen.

Vil styrke samarbeid frå 2019–2020

Hovudutvalet vil utgreie moglegheita for at ein større del av opplæringa i fylket kan skje fordelt på fleire stadar, for å møte lokale behov for kompetanse. Det melder fylkeskommunen i ei pressemelding.

Det skal særleg vurderast i kva grad delar av opplæringa kan finne stad nær bedriftene, samstundes som elevane blir tekne i vare. 

Hovudutvalet ønskjer at utgreiinga skal legge til rette for eit forsøk med slike fleksible opplæringstilbod frå skuleåret 2019–2020. Utvalet ønskjer at fylkesrådmannen særleg vurderer moglegheitene for samarbeid om: 

  • Teknikk- og industriellproduksjon ved Eid vidaregåande skule i samarbeid med Stryn vidaregåande skule.
  • Helse- og oppvekstfag ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i samarbeid med Høyanger vidaregåande skule.
  • Bygg- og anleggsteknikk ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i samarbeid med Dale vidaregåande skule.

Hovudutvalet ber også om å få ei utgreiing om det er mogleg å etablere eit utdanningstilbod innan overflateteknikk vg2 (reinhaldsoperatør) i Sogn og Fjordane. Per i dag finst ikkje dette tilbodet i verken Sogn og Fjordane, Hordaland eller Møre og Romsdal.

  • Her ser du oversikti over det vedtekne tilbodet ved dei ulike skulane neste skuleår: Opplæringstilbod

Artikkeltags