Denne helga vart NM i volleyball for vidaregåande skular avvikla i Førde. Meisterskapen vart spelt i Førdehuset fredag til søndag.
Gjengen på bildet som er deltakarane frå Florø VGS, går på 3. klasse idrett. Dei deltok i den største klassen i NM, Mix, der jenter og gutar speler på same lag.
Flora VGS kvalifiserte seg for landsfinalen i november. Det skjedde i Dale der dei konkurrerte mot dei andre vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Her vart Flora nummer tre i kvalifiseringa og vart dermed kvalifisert til landsfinalen denne helga.
Og dei fekk ein perfekt start på NM. Det vart eit slags lokalderby då dei slo førdeskulen Hafstad i ein jamn batalje. Florø vann 30–28 i det første settet, før Hafstad svara med eit sterkt andresett og vann 19–25. Men andresettet kosta nok mest for Hafstad. For i det tredje og avgjerande settet tok Flora VGS kommandoen og vann overtydande med 15–8.
Kvitsund Gymnas (KG) vart vinnaren av puljen, men Florø som nummer to i puljen fekk høve til å kvalifisere seg til A-sluttspelet om dei slo Foss VGS. Og det var svært jamt. Foss trekte det lengste strået med å vinne 23–25 i to sett. Eit knipent og surt tap som sende Florø ut av kampen om topplasseringane.
Dermed var Foss VGS vidare, medan Flora VGS måtte ta til takke med plasseringsspel. Uansett skulle avslutninga på NM bli ein opptur for florøskulen. For Sunnfjord Folkehøgskule, Trondheim Katedralskule og Nesodden måtte alle seie seg slått av Flora VGS.
Volda VGS var suverene i miks-klassen og vann komfortabelt i to sett mot bibelskulen i Grimstad. Flora VGS vart nummer 17.