– Eit dårleg budsjett for Flora, Vågsøy og fylket

Halvor Halvorsen, leiar i Flora Venstre.

Halvor Halvorsen, leiar i Flora Venstre. Foto:

Flora Venstre meiner framlegget til statsbudsjett er eit godt utgangspunkt, men at det har ein dårleg lokal profil for fylket og kysten vår.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Halvor Halvorsen, leiar i Flora Venstre, meiner gårsdagens framlegg til statsbudsjett er eit godt utgangspunkt. Men at det har ein dårleg lokal profil for Flora, Vågsøy og Sogn og Fjordane.

– Det trengs også ei større satsing på skule, miljø og nye arbeidsplassar. Og kvar er Florø hamn?, påpeikar Halvorsen.

– Vi vil jobbe inn mot Venstre på Stortinget i samband med budsjettforhandlingane, for å få meir fokus på lokale saker som utdjuping av hamna vår. Lik nettleige og fleire studendbustader er andre saker vi vil fronte, seier han.

– Bygging av fleire studentbustader er viktig med tanke på at ungdommen vår skal reise vekk for å ta høgare utdanning, påpeikar Halvorsen.

Ei anna sak Venstre vil ta tak i er dei varsla kuttene i breibandsatsinga. Det vil bli ein kampsak, lovar han.

Venstre meiner også at budsjettet i for liten grad tar inn over seg omstillinga samfunnet må igjennom, mot ei meir berekraftig utvikling, også innan vidareutviklinga av maritim sektor.

– Kysten er staden Norge vil finne framtidas næringar, arbeidsplassar og verdiskapingar, men det er i liten grad avspegla i budsjettet for 2018, påpeikar Halvorsen.

Skule er ein annan sektor som bør styrkas ut over det regjeringa føreslår, meiner Flora Venstre.

– Men det er bra at regjeringa vidarefører satsinga på vidareutdanning av lærarar, 11 månaders studiestøtte og fleire studieplassar. Ikkje berre lik rett til utdanning, men ein solid og god grunnskule er noko av det viktigaste i kampen for eit meir likeverdig samfunn, seier Halvorsen.

Artikkeltags