Flora var aller flinkast til å få flyktningar ut i arbeid og utdanning i fjor

INTEGRERING: 55 prosent av alle deltakarar som avslutta introduksjonsprogram i 2019 gjekk direkte over i arbeid eller utdanning, viser tal frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

DEL

Medan 26 prosent av deltakarane gjekk direkte over i arbeid, gjekk 29 prosent over i utdanning.

- Vi veit at gode norskkunnskapar og utdanning tatt i Norge, beskytter flyktningar mot ledigheit og utstøyting. Held tala seg stabile, også framover, kan vi snakke om ein positiv trend, der fleire flyktningar har moglegheita til å lukkast, delta og bidra, seier Libe Rieber-Mohn, IMDis direktør.

Resultata på fylkes- og kommunenivå varierer, og i tidlegare Sogn og Fjordane er talet 52 prosent. Dei to kommunane med dei beste resultata er dåverande Flora (64 prosent) og Førde (57 prosent). Flyktninganes utdanningsnivå, kjønn og alder har også betydning for sannsynlegheita for å komme i arbeide eller utdanning direkte etter avslutta introduksjonsprogram:

Berre 2 av 10 kvinner med ingen eller låg utdanning gjekk over i arbeid eller utdanning direkte etter avslutta program, medan 8 av 10 menn med høgare utdanning gjekk over i arbeid eller utdanning direkte etter avslutta introduksjonsprogram i 2019. Blant kvinner med høgare utdanning gjekk 7 av 10 kvinner direkte over i arbeid eller utdanning. Dette viser at sjølv kvinner med høgare utdanning framleis ikkje har like godt resultat etter programmet som menn med høgare utdanning. Og også i 2019 ser vi at yngre introduksjonsdeltakarar har høgare overgang til arbeid og utdanning enn dei eldre.

– Flyktningane har gjort ein stor innsats, og kommunane har jobba godt for å tilrettelegge slik at denne innsatsen løner seg. Klarar vi å få kommunar med dei svakaste resultata opp til det same nivået som dei beste, vil mykje vere gjort. IMDi vil halde fram å legge til rette for at kommunar og fylke lærer av kvarandre, seier Libe Rieber-Mohn, IMDis direktør.

Resultata for 2019-kullet ligg på same nivå som for deltakarar som avslutta sitt introduksjonsprogram i 2018.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken