– Nokon må jo lage robotane som skal gjere jobben vår i framtida

På Flora ungdomsskule har dei suksess med programmerings-valfaget «Teknologi i praksis».

DEL

Programmering er no på full fart inn i dei store faga på ungdomsskuletrinnet, i samband med nye læreplanar.

Flora ungdomsskule fekk nyleg 270.000 kroner i tilskot til utstyr for programmering, og skal i gang med innkjøp og innføring. Dette blir spesielt viktig i matte og naturfag, men også i fag som musikk og kunst og handverk.

– Programmering ein del av den nye, moderne skulen, fortel lærar Geir Odin Nes.

På Flora ungdomsskule har dei suksess med valfaget «Teknologi i praksis». Her designar og programmerer elevane robotar, og dei programmerer ulike ting med datamaskiner og iPadar.

Kva er programmering?

Programmering består av å designe, skrive, teste, feilsøke og vedlikehalde kjeldekoden til eit program som skal tolkast av ei datamaskin.

Programmering finst over alt, i alt frå dimmarar med lysbrytarar med LED-lys, trafikklys og mobiltelefonar, til vaskemaskiner, bilar og robotar.

Jessica Marlene Bjørnset (13) og Kathrine Marie Hovden (13) synst valfaget verka interessant, og har ikkje angra på valet.

– Det er noko litt utanom det vanlege, og det er både spennande og gøy, seier jentene.

Og det er mykje artig elevane i klassen har laga så langt, fortel læraren.

– Her har elevane designa mange ulike robotar, mellom anna ein mobilhentar, sminkerobot, ein tekopp som sjølv tok seg av røringa, ei high five-maskin og ein døropnar. Poenget er å lære seg å bruke teknologi, og å motivere og ha det moro med programmering, seier Geir Odin Nes.

– Det er kanskje ikkje alt som er like nyttig då, ler jentene.

Med dagens teknologiske framsteg forsvinn stadig fleire jobbar, fordi maskiner tar over for menneske. Og denne tendensen vil nok berre auke på i framtida.

– Nokon må lage robotane

– Men nokon må jo lage robotane som skal gjere alle oppgåvene. Så det blir garantert mange jobbar innan dette, seier Mats Solheim Kvammen (13).

Han får støtte frå Olai Leander Ringstad Ytre-Hauge (13).

– Det vi gjer her no, kjem til å bli nyttig i framtida.

Gutane er begge veldig glade for å ha eit slikt fag som ein del av skulekvardagen.

– Eg har alltid vore interessert i å lage ting, så dette er perfekt for meg. Sitte å dille på denne måten, seier Mats.

– Det er veldig kult at vi kan lage våre eigne ting, seier Olai Leander.

Skryt til politikarane

Nyleg var politikarane i Administrasjonsutvalet på besøk i valfagklassen. Dei var veldig imponerte over kva dei fekk sjå. Politikarane fekk også skryt frå rektor Kari Vårdal.

– Eg vil berømme Flora-politikarane for dei digitale satsinga i Flora kommune. Ved at alle elevane i grunnskulen no får tilgang på iPad, så visker ein ut dei digitale skillene, sa rektoren.

Artikkeltags