Kor skal hytta stå?

PLASSERING: Banksjef Ole Aukland, turlagsleiar Siv Merete Stadheim og ordførar Ola Teigen bladde i Flora Turlag si nye bok for å finne aktuell plassering av den nye hytta. Foto: Dag Nesbø Frøyen

PLASSERING: Banksjef Ole Aukland, turlagsleiar Siv Merete Stadheim og ordførar Ola Teigen bladde i Flora Turlag si nye bok for å finne aktuell plassering av den nye hytta. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 3 år gammel

Ei dagsturhytte til ein verdi av 600.000 blir gitt Flora kommune. Men kor skal den stå?

DEL

Sparebankstiftinga har fått opp klatreparkar i alle kommunane i fylket og i Flora kommune har fått to. No er Flora ein av fire kommunar som blir del i sparebankstiftinga sitt nye gåvedryss.

Fredag hadde banksjef Ole Aukland i Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø invitert ordførar Ola Teigen og turlagsleiar Siv Merete Stadheim for å informere om planane.

Det nye prosjektet er at ein skal plassere ut ei såkalla dagsturhytte i kvar kommune. Ideen er at den skal kunne vere eit turmål som kan stimulere til aktivitet. Dette er ei hytte på om lag 15 kvadratmeter. 200.000 kroner kjem frå spelemidlar, 200.000 frå momsrefusjon og 200.000 i gåvemidlar frå banken. Det er lyst ut ein arkitektkonkurranse med føringa at den skal ha store vindauge retta mot utsikta. Arkitektkonkurransen blir avslutta 1. desember og hytta skal settast opp i løpet av 2017.

Veldig gledeleg

Ordførar Ola Teigen synest det er kjempeflott at Sparebanken Sogn og Fjordane vel å dele ut delar av overskotet sitt til gode tiltak i lokalsamfunnet.

"Turinteressa er stigande i Flora og dette kan stimulere den ytterlegare."

Siv Merete Stadheim, Leiar i Flora Turlag

– Dette, til liks med klatrepark-initiativet deira, er retta mot fysisk aktivitet, noko vi set stor pris på, seier ordføraren. Han lover å legge til rette med det som trengst i forkant av at hytta blir sett opp.

Siv Merete Stadheim i turlaget er som Teigen begeistra for prosjektet og trur dette kan bidra til å auke turinteressa. Og turentusiasmen er på frammarsj kan Stadheim stadfeste.

– Vi har sett ei sterk auke i besøk på Hatlesetnipa og vi er svært spente på besøket på Brandsøyåsen, seier Stadheim vel vitande at der er det endå større auke i besøket i år.

Kor skal hytta stå?

Det springande punktet er kor hytta skal stå. Ideen er at den skal vere tilgjengeleg, men ikkje så tett på at den kan bli utsett for hærverk.

– Vi hadde gjerne sett at vi hadde fått nokre alternativ på bordet før vi vel plassering, seier Aukland og inviterer Firdaposten sine lesarar til å komme med forslag.

Skal hytta stå på toppen av Batalden eller Blåkollen, kunne den stått på Hatlesetnipa eller Strandanipa? Kva med Uførefjellet eller Norefjell på Brandsøyåsen? Eller ville ei slik hytte på toppen av Klauekeipen, Terdalskeipen eller Haukånipa inspirere til auka turopplevingar? Har du andre forslag, eller ein favoritt? Skriv i kommentarfeltet.    

Artikkeltags