Kinn i eit anna lys

Soltreff: Slik kan det sjå ut på avstand, sannsynlegvis frå Skorpa,  når sola skin gjennom Kinnaklova. Arkivfoto: Malvin Toft

Soltreff: Slik kan det sjå ut på avstand, sannsynlegvis frå Skorpa, når sola skin gjennom Kinnaklova. Arkivfoto: Malvin Toft

Artikkelen er over 3 år gammel

Laurdag kan du - om vêret tillet det - reise til Kinn og lære meir om både naturen og kyrkja.

DEL

Flora Turlag har nemlig alliert seg med Kolbjørn Nesje Nybø, som deltek på turen som historieformidlar. Nybø fortalde i Flora Historielag sitt skrift i fjor om ein tur til Kinn som føregjekk i november:

Trass i at det var ein dag med ruskete vêr, braut sola gjennom og stod heilt nedst i skaret. «Det er ei underleg oppleving, ei kjensle av at ho lyser berre på oss. Vi står i ei lang lysstrime, og utanfor denne er det mørk skugge. Fenomenet varer berre litt over ein halv time. Etterpå er alt som før. (...) Og tanken slo meg om dette kunne svare på nokre av spørsmåla kring Kinn kyrkje.», skriv Nybø.

Sola står i skaret ca klokka 15.30 på laurdag, så du må sette av laurdag ettermiddag og melde deg på innan fredag kveld dersom du vil vere med.

Artikkeltags