Flora Turlag har eit forslag til kva du kan bruke søndagen til

GOD TUR!: Frå ein av ettermidagsturane til Flora Turlag tidlegare i sommar.

GOD TUR!: Frå ein av ettermidagsturane til Flora Turlag tidlegare i sommar. Foto:

Øyane Over er i år mogleg å få med seg i haust- eller iallfall seinsommardrakt.

DEL

Tradisjonelt går hovudturen til Flora Turlag i mai månad, men i år vart det, som så mykje anna, annleis.

Vanlegvis samlar denne turen 60-70 deltakarar, men i år må ein stoppe på 53. Alle som vil vere med, må melde seg på dagen før turen - det er no ekstra viktig i høve ei eventuell smittesporing.

Øyane over er ein 12 timars tur som går over fire øyar: Hovden, Store-Batalden, Skorpa og Kinn. På alle øyane kan ein velje mellom kort og lang tur og slik tilpasse den etter kva som passar best for eige formnivå. Ein treng altså ikkje å vere i stålform og gå "over" fire øyar, slik namnet på turen antydar. Det er fint mogleg å rusle i strandkanten på ei eller fleire av dei og ta livet litt meir med ro.

Det er eit krav at alle har med seg det utstyret dei sjølve treng, inkludert antibac. Det skal ikkje delast på utstyr i gruppa. Men det er fint mogleg å ha tinga sine liggande om bord i båten gjennom dagen, og så berre ha med ein liten sekk på sjølve turane. Og når du pakkar mat og drikke, så hugs at det skal halde i tolv timar.

Søndag er einaste dagen med fine vêrmeldingar på ei stund framover, så den unnskyldninga har du heller ikkje.

Øyane Over ein fantastisk flott tur som viser deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Du må tidleg opp, for turen startar frå Fugleskjærskaia klokka sju om morgonen og du bør vere der i nokonlunde god tid. Hugs at det går sauer på beite på fleire av øyane og at du difor ikkje kan ha med deg hund på turen.

Opplysningar om påmelding finn du her.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken