Gå til sidens hovedinnhold

Flora samla inn mest i heile fylket

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Florafolk opna lommebøkene og samla inn 758.569 kroner til tv-aksjonen søndag.

Flora sine 11.852 innbyggarar samla dermed inn mest i heile fylket.

Fordelt på bidrag per innbyggar kom vi på åttandeplass i fylket, med 64 kroner per innbyggar. Dette er 22,53 kroner over landsgjennomsnittet.

Det er også nærare 160.000 kroner meir enn vi samla inn i 2018.

Totalt vart det samla inn 220.622.095 kroner til tv-aksjonen «No er det hennar tur», som går til inntekt for Care sitt arbeid for dei mest utsette kvinnene i verda.

Bremanger kommune samla inn 243.181 kroner, og kom på sjuandeplass i fylket over beløp per innbyggar, med 65,64 kroner per person.

Sjå statistikk og tal frå tv-aksjonen her: Giverstafett

Bildeserie

Sjå glimt frå tv-aksjonen i Florø

Les også

Håpar på rekord-innsamling i tv-aksjonen i kveld

Les også

No er det hennar tur

Kommentarer til denne saken