Lange køar utanfor vallokalet i Florø

FLORØ: Det har truleg aldri før vert slike køar for å røyste som det har vore i dag. Leiar i røystestyret, Rune Bortne, skryter uhemma av både veljarar og valfunksjonerar.

DEL

Ved arbeidstids slutt i Florø i dag danna det seg lange køar utanfor vallokalet på Flora samfunnshus. Det var kø gjennom heile foajeen, og langt ut på fortauet, og køen vedvarte heilt til lokalet stengte klokka 20.00.

Også i Eikefjord skal det ha vore lange køar utanfor Allhuset, noko som aldri har skjedd før.

Leiar i i røystestyret Rune Bortne har aldri sett liknande i Florø.

- Eg har vore leiar i om lag 15 år, og det har aldri vore slik kø før, fortel han.

Han trur det er fleire årsaker til køene.

- Vi er at folk brukar lang tid inne i båsane, så eg trur det er mykje ekstrastemmer i form av kryss og slengarar. Så trur eg også det er veldig god valoppslutning i år. Det har vore kø i mange timar no, sa han til Firdaposten like før klokka 19.30.

Tidlegare valår har det vore lite folk for å røyste etter 19 på valdagen. Men i år det altså kø.

- Det er utruleg bra køkultur her. Ingen er sure, og alle vil røyste. Det betyr at demokratiet betyr noko for folk, seier Bortne.

Så sjølv om køane er lange, så har det ikkje vore noko misnøye, og avviklinga har vore god.

- Folk er flinke, og er effektive inne i stemmelokalet. Og eg vil skryte uhemma av valmedarbeidarane, dei er fantastiske og gjer ein kjempejobb!, seier Bortne.


Artikkeltags