Ole Ivars, teater, revy og country

Riksteateret: Heile landets teater kjem til Flora samfunnshus to gonger i februar, først med familieteateret «Heia Flåklypa!», så med stykket Kollaps i kulissane, med mellom andre Hege Schøyen og Ingar Helge Gimle. Foto: Riksteatret

Riksteateret: Heile landets teater kjem til Flora samfunnshus to gonger i februar, først med familieteateret «Heia Flåklypa!», så med stykket Kollaps i kulissane, med mellom andre Hege Schøyen og Ingar Helge Gimle. Foto: Riksteatret

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er langt frå nokon vinterdvale på Flora samfunnshus. Mykje står på kulturprogrammet dei kommande vekene, fortel kulturhusleiar Ingvar Hopland.

DEL

Onsdag 1. februar er det klart for årets første teaterframsyning på Flora samfunnshus. Då kjem Riksteatret med «Heia Flåklypa!». Dette er ei familieframsyning med dei kjende figurane frå Kjell Aukrust sitt univers, og etter framsyninga har ein sjansen til å treffe Solan og Ludvig.

8. februar kjem Ole Ivars til samfunnshuset. Dei skal halde ein showkonsert.

– Dette er ei framsyning, og ikkje ein dans, som dei vanlegvis reiser rundt med, fortel Ingvar Hopland. Ole Ivars lovar humor, galskap, og nye, underhaldande sider av seg sjølve i showet «Aldri FREåFÅ».

Blackout

Dagen etter, torsdag 9. februar, kjem Julie Winge med teaterstykket «Blackout».

– Eg er spent på denne framsyninga, seier Hopland.

Den er basert på romanen hennar «Fyllik», som handlar om henne sjølv og kampen mot eit alkoholproblem. Og etter framsyninga kan ein stille spørsmål og få signert boka, om ein ønsker det.

Laurdag 18. kjem Sogn og Fjordane teater med stykket «Evig Ung». Her har vår eigen Oda Alisøy ei av rollene, i det som er teateret si eiga 40-årsfeiring. Evig Ung er ein musikalsk komedie med mange kjende hitlåtar frå dei siste 50 åra.

Teater med middag

– Her har vi laga til nokre kombinasjonsbillettar, der ein kan kjøpe teaterbillett med to- eller trerettarsmiddag på Hjørnevikbua, fortel Hopland.

I mars månad startar kulturprogrammet med to erfarne karar; Arne Benoni og Ottar «Big hand» Johansen. Dei kjem med konserten «Good Ol`Boys», og 1. februar kjem CD-en med same namn. Det er altså ferskt materiale dei to karane kjem med.

Elles i mars blir det fire framsyningar med den alltid like populære Florarevyen.

– Den er jo bankers. Vi har altså litt av kvart å by på framover, oppsummerer Hopland.

Kultur-programmet

Februar

Riksteatret: Heia Flåklypa!

Aldri FREåFÅ - Ole Ivars

Teater: Blackout - Julie Winge

Softeater: Evig Ung

Riksteatret: Kollaps i kulissene

Mars

Arne Benoni og Ottar «Big Hand» - Live in concert

Florarevyen

Filmar som kjem:

Kings Bay - norsk film med Kari Bremnes i hovudrolla

Trio - norsk barnefilm

Marcus og Martinus

Artikkeltags