Tommy Bredesen kjem heim til juleutstillinga

Tommy Bredesen er ein av utstillarane under den årlege juleutstillinga til Flora Kunstlag.

DEL

Flora Kunstlag si årvisse juleutstilling opnar fredag 23. november på Kystmuseet.

Under året utstilling vert det gjensyn med bildekunstnaren Tommy Jansen Bredesen frå Florø, som stiller ut saman med keramikar Anita Holmøyvik frå Nordfjord og glaskunstnar Pål Roland Janssen frå Oslo.

– I alle dei åra som vi har arrangert juleutstilling har vi hatt fokus på å vise fram eit variert utval av god kunst frå ulike kunstnarar og det gjer vi også i år, lovar Malin Brandsøy, leiar for Flora Kunstlag.

Bilde og foto

Tommy Jansen Bredesen hugsar nok mange frå den tida han hadde sitt virke i heimbyen.

Han har dei siste åra budd og arbeidd på Eid, og vender tilbake til Florø med fem fotografi og seks måleri. I eit par av bilda figurerer kjende ansikt som Pushwagner og Iggy Pop.

– Fotografiene mine ligg ofte i skyggeland mellom dokumentar og kunst. Bilda er ikkje stilt opp eller arrangert, men tatt i augeblikket, beskriv Bredesen.

Måleria er eit utsnitt av det han har jobba med dei siste åra. Der er både figurative og abstrakte bilde, og den tematiske fellesnemnaren er det vanskelege forholdet mellom følelse og konstruksjon.

Anita Holmøyvik har eigen keramikkverkstad i Bergen og er oppteken av å ta vare på dei gamle handverkstradisjonane. Mykje av det ho lagar er inspirert av røtene hennar i Nordfjord der naturen gjev liv til bruksting og skulptur i steingods og porselen.

Pål Roland Janssen held til vanleg til i Glasshytta på Frysja og har spesialisert seg innan varmblåst glasskulptur. Han stilte nyleg ut på Vevringutstillinga, og både Holmøyvik og Roland Janssen stiller ut i Florø for første gong.

– Ein juletradisjon

– Juleutstillinga har blitt eit fast innslag i kalenderen vår og er ein vakker juletradisjon. Her kan ein sjå dei siste verka som kunstnarane har laga, og kunsten er for sal, så dette er ein ypparleg moglegheit til å finne nokre flotte julegåver, samstundes som ein støttar kunsten, kunstnarane og det lokale kunstlaget, seier Malin Brandsøy.

Flora Kunstlag håpar mange tek turen til opninga på fredag. I tillegg til god kunst, vert det song ved Kristin Skau og lett servering.

Utstillinga varer til 16. desember og kan elles sjåast i opningstidene til Kystmuseet.

Glass av Pål Roland Janssen.

Glass av Pål Roland Janssen.

Artikkeltags