Kjem heim med nye bilde

UTSTILLING: Bjarne Svanøe skal ha utstilling på Kystmuseet, og fleire av bildene er under produksjon no. Foto: pressefoto

UTSTILLING: Bjarne Svanøe skal ha utstilling på Kystmuseet, og fleire av bildene er under produksjon no. Foto: pressefoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Fredag inviterte Flora Kunstlag til opning av ny utstilling på Kystmuseet, med 40 måleri og teikningar signert Bjarne Svanøe.

DEL



Fredag 20. oktober inviterte Flora Kunstlag til opning av ei ny utstilling på Kystmuseet. Utstillinga viser om lag 40 av Bjarne Svanøe sine bilde, og her skal han presentere både måleri og teikningar.

Det var gratis inngang, livemusikk og enkel servering under opninga, fortel Flora Kunstlag i ei pressemelding.


Nye bilde


Dei fleste av bilda i utstillinga vert vist for aller første gong, for etter mykje besøk og godt sal i utstillinga på Galleri Svanøe no i sommar, så har kunstnaren hatt ein intens arbeidsperiode med å skape nye uttrykk.

Bjarne Svanøe er fødd og oppvaksen på Svanøy, og han og familien budde mange år i Florø. Her er han òg kjend som ein svært dyktig og inspirerande kunstlærar, både for born i Kulturskulen og for vaksne på kurs i atelieret i Strandgata. No er han busett og arbeider i Oslo, og stiller mest ut på Austlandet og i Bergen.

Svanøe har vore utøvande kunstnar sidan han gjekk på Kunstakademiet i Bergen og Oslo, og hadde sine første utstillingar tidleg på 1990-talet. Sidan då har han hatt ei rekke utstillingar i Noreg og i utlandet. Han har hatt fleire store utsmykkingsoppdrag, og er innkjøpt av samlarar, m.a. er han representert med fleire verk i Grieg-samlinga i Bergen.


Frå inntrykk til uttrykk


– Det er ein raud tråd i Svanøe sin kunst. Bilda vert alltid skapt med utgangspunkt i sanseinntrykk, noko han har sett. Men han kan gå langt i abstraksjon vekk frå det figurative utgangspunktet, og i arbeidet med ulike maleriske verkemiddel kjem uttrykka fram på lerretet, skriv Flora Kunstlag om Svanøe.

– Nokre bilde vert prega av intense fargar og energiske penselstrøk, og vi opplever ofte ein sterk dynamikk i komposisjonar skapt av linjer og figurar, i eit verknadsfullt lys. Men i målemåten ønsker han heile tida å vere i utvikling, bryte ned innarbeidde mønster og ikkje vere konsekvent, skriv Kunstlaget vidare.

I teikningane viser Svanøe situasjonar som han observerer frå gatelivet i storbyar når han er på reise. Her fangar han inntrykka med blyant, penn og akvarell i raske skisser av folk i sine daglege gjeremål.

Utstillinga vert hengande fram til søndag 12. november.


Artikkeltags