Lokalt plastboss skal bli skulptur på torget

Pippip Ferner.

Pippip Ferner.

Artikkelen er over 2 år gammel

Kunstnar Pippip Ferner vil lage kunst av plastsøppel, og håpar lokale ungar vil hjelpe til.

DEL

Flora Kunstlag dreg no i gang eit nytt kunst-prosjekt retta mot barn, i år med fokus på teikning.

Kunst for kidz-prosjektet er tredelt og består av ei stor teikneutstilling på Kystmuseet med tilbod om formidling til alle skulane. Ein dag med workshop i utstillinga, der 32 elevar frå ein utvald 5.klasse får oppleve og lære i lag med kunstnaren Ellen Pippip Ferner. Og ikkje minst, ein performance der barn i alle aldrar kan delta, på Torget i Florø.

Tre kunstnarar

Kunstnarane som er med er Bjørn Hegardt, Nina Resch og Ellen Pippip Ferner, og utstillinga vil vise tre svært ulike teiknemåtar. Samla vil ungane få oppleve sterke fabulerande uttrykk frå tre profesjonelle teiknarar.

Bjørn Hegardt er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og Kunsthochschule i Berlin. Kunstnerskapet omfattar teikning, installasjon, animasjon

Teikning av Bjørn Hegardt

Teikning av Bjørn Hegardt

og publikasjonsprosjektet FUKT magasin for teikning, eit av dei viktigaste tidskriftene for samtidsteikning internasjonalt. Hegardt har hatt utallege utstillingar i inn- og utland. Som ein av få nordiske teiknarar vart han plukka ut til å være med i Phaidons teiknebok Vitamin D: New Perspectives in Drawing.

Nina Resch arbeider med maleri, teikning, foto og installasjon, og let gjerne desse ulike media komplettere kvarandre. I teikning bruker ho blyant, kull og fargeblyantar. Ho teiknar gjerne menneske der det vakre og uskuldige møter ei utfordring som ved konfrontasjon kan bli nøytralisert og ufarleggjort, og føre til noko positivt. Eller ho nyttar motsetningar for å skape dynamikk i bildeuttrykket.

Teikning av Nina Resch

Teikning av Nina Resch

Livet under vatn

Ellen Pippip Ferner har lenge hatt livet i havet som sitt kunstnariske prosjekt, og har m.a. delteke på forskingstokt om bord i  G.O. Sars langs kysten av Møre, saman med marinbiologar og geologar.
På bakgrunn av dei erfaringane har ho produsert maleri, teikningar, grafikk og keramikk. I utstillinga her viser ho eit teikna arbeid på 7,5 x 4,5 meter, som ho kallar «Liv og leven under vann».

Som ein del av prosjektet vert det  ‘live’-utforming av stor skulptur på torget i Florø, som kunstnaren Ellen Pippip Ferner bygger av plastsøppel frå havet.

Ellen Pippip Ferner er veldig inspirert av livet i havet.

Ellen Pippip Ferner er veldig inspirert av livet i havet.


Lokale skular og familiar vert oppfordra til å plukke og samle inn frå strandområda og ta det med til Torget, så det kan verte innarbeidd i skulpturen, fortel Flora kunstlag.

Utstillinga på Kystmuseet opnar torsdag 20. april, og varer til søndag 14.mai.

Kunstnarane kjem til Florø og vil vere med på opninga torsdag kveld.

Den store miljødagen

Laurdag 22. april ligg an til å bli den store miljødagen i Florø. Det er ikkje berre kunstlaget som set fokus på plast og søppel denne dagen.

MDG Flora arrangerer #vårrengjøring, der dei oppfordar alle til å pusse og shine byen vår etter ein lang og våt vinter.

-  Laurdag finn vi fram hanskane og brukar nokre timar på å plukke og sortere boss langs vegane der folk ferdast i byen vår, skriv MDG på Facebook.

- Vi oppfordrar alle som er glad i byen om å bli med på denne vesle dugnaden, enten ved å bli med oss å plukke, eller å ta ein runde på eiga hand. Ikkje la plast bli til last!

Dei som vil vere med MDG å rydde kan stille ved Kinnhuset klokka 12 laurdag.

- Går du aleine kan du sjølvsagt møte akkurat når og kvar du vil! Post gjerne bilder av "fangsten" på Facebook og Instagram, hugs hashtag #vårrengjøring, oppfordrar MDG i Flora.

Same dag arrangerer Svanøy Folkeakademi "Den store klesbytedagen" på Flora samfunnshus.

- Lat andre få glede av kle du ikkje brukar lenger. På Den Store Klesbytedagen kan du kvitte deg med det du ikkje treng, samstundes som du heilt gratis kan få "nye" kle frå andre. Bra for deg og bra for miljøet!, oppfordrar arrangørane på Facebook.

Her kan ein ta med opp til sju reine plagg som er i bra stand. Du leverer dei inn, og får bytelappar i retur, som gir deg rett til å plukke ut andre plagg. Overskotskle vert levert til gode føremål, skriv arrangørane.

I tillegg vert tradisjonsrike Rett Vest arrangert denne laurdagen.

Artikkeltags