Han blir den siste rådmannen i Flora kommune

Knut Broberg.

Knut Broberg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Knut Broberg blir etter alle solemerke tilsett som rådmann i Flora under bysyremøtet tysdag.

DEL

Tysdag skal Flora bystyre tilsette mellombels rådmann for dei neste to åra. Måndag morgon var innstillinga frå sakshandsamar og ordførar Ola Teigen klar:

1. Knut Broberg vert mellombels tilsett som rådmann i tida fram til 31. desember 2019.

2. Forhandlingsutvalet tingar og fastset tiltreding, løn og vilkår for Broberg.

3. Ordførar blir beden om å drøfte med Fellesnemnda om Heggheim si tiltreding som prosjektrådmann.

Flora kommune må ha ein rådmann fram til Kinn kommune trer i kraft 1. januar 2020.

Terje Heggheim er som kjend tilsett som prosjektrådmann i Kinn, og skal jobbe for fullt med dette frå nyttår.

Den mellombelse rådmannsstillinga har vore utlyst internt i Flora kommune.

- Det meldte seg ein søkar; kommuneadvokat Knut Broberg. Forhandlingsutvalet vurderer Broberg som ein godt kvalifisert kandidat, skriv Ola Teigen i saksutgreiinga.

Knut Broberg er fødd i 1970 og bur i Florø. Han er Cand. Jur. frå Universitetet i Oslo i 1996.

Han har vidareutdanning i blant anna arbeidsrett, styrekompetanse, planrett og motivasjonspsykologi.

For tida har han permisjon frå stillinga som kommuneadvokat i Flora for å vere konstituert tingrettsdommar i Sogn og Fjordane tingrett. Permisjonen varer til 1. mars 2018.

Broberg har arbeidserfaring frå tingretten, som kst. Statsadvokat i Møre og Romsdal, dommarfullmektig i Alta tingrett. Frå 1996 og ut 2013 var han politiadvokat/politiinspektør ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han har også vore sakshandsamar i to år i Justisdepartementet, kriminalomsorgsavdelinga.

Det formelle kravet i utlysinga gjekk ut på at søkarar må ha relevant høgare utdanning på høgskule,- eller universitetsnivå og leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd.

- Forhandlingsutvalet i Flora kommune meiner Broberg stettar formalkravet fullt ut. På vegne av forhandlingsutvalet har ordføraren hatt eigen samtale med Broberg, og etter dette meiner vi også at han vil ivareta dei andre kravformuleringane i utlysinga på ein god måte. Ordføraren har også hatt eigne samtaler med tillitsvalde, som er samd i tilrådinga, informerer ordførar Ola Teigen.

Artikkeltags