No skal dei køyre rundt og dele ut sniglemiddel

NY DUGNAD: Miljørådgjevar Maja Standal Moen (t.h.) og GIS-konsulent Irene Hollevik i Flora kommune, her under planlegging av snigledugnaden i sommar.

NY DUGNAD: Miljørådgjevar Maja Standal Moen (t.h.) og GIS-konsulent Irene Hollevik i Flora kommune, her under planlegging av snigledugnaden i sommar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Torsdag er det berre å stille seg opp i vegkanten med ein behaldar, for då kjem kommunen rundt i nabolaga for å levere ferdigblanda sniglemiddel.

DEL

Kampen mot brunsnigelen i Flora kommune er ikkje over. Torsdag er det runde to i årets storstilte dugnad for å redusere sniglebestanden.

– Torsdag og laurdag køyrer vi ut ferdigblanda sniglemiddel til hageeigarar i Florø, Brandsøy og Eikefjord, fortel miljørådgjevar Kaja Standal Moen i Flora kommune.

LES OGSÅ: Til kamp mot brunsniglane

Snigledugnaden vart ein gedigen suksess

Nemaslug og bryggeriavfall

I mai vart det arrangert brunsnigledugnad for første gong. Då delte Flora kommune ut sniglemiddelet Nemaslug gratis til alle hageeigarar. Nemaslug-pulveret måtte ein sjølv blande og så legge ut i hagen.

Denne gongen reiser kommunen rundt og deler ut ferdigblanda masse. Nemaslug skal blandast med mask, bryggeriavfall, frå Kinn Bryggeri.

Så her er det berre å stille seg opp langs vegen, med eigna behaldar. Ein handfull ferdigblanda middel er nok til om lag eit mål hage.

– Klokka 16.30 torsdag startar vi på nordsida av Florø. Første stopp er Hamregata, deretter Havreneset, Kinnvegen, Krokane, Brandsøy og innover mot Eikefjord, fortel Moen Standal.

Reiseruta og kart over stoppestader vert publisert i ein eigen Facebook-event. Det er til saman 21 stoppestader, og det tar mellom 15 og 30 minutt på kvar stad. Difor er det vanskeleg å gi nokon eksakt tidsplan per no, seier miljørådgjevaren.

– Vi avsluttar når det mørknar torsdag kveld, og held fram laurdag morgon, og i Facebook-eventen kan ein følge med på kvar vi er til ein kvar tid, seier ho.

Dei som ikkje har Facebook, eller som ikkje er heime, får alliere seg med ein nabo, oppfordrar ho.

Grendelag frå område som ikkje vert dekt her, men som ønsker sniglemiddel, kan ta kontakt med kommunen. Dei får gratis middel, men må blande sjølve.

(Saka held fram under faktaboksen)

Ikkje giftig

Dei som lurer på om nemaslug er giftig, og om det er utrygt å legge det ut i hagen om ein har dyr eller små barn, kan berre ta det heilt med ro.

Det er heilt ufarleg for menneske og husdyr, og er heller ikkje skadeleg for plantar, frukt eller grønsaker. For nemaslug er eit naturleg middel som inneheld ein levande parasitt, ein nematode, som berre går på kaldblodige vertar med ein kroppstemperatur på maks 30 grader.

Snegler som får nemaslug i seg sluttar å ete, og døyr etter om lag ei veke. Sidan brunsneglen er kannibal, vil andre sneglar ete den daude artsfrenden. Slik vil parasitten spreie seg stadig vidare i sneglebestanden, og drepe mange fleire enn berre dei som har spist blandinga.

Kostar 20 kroner

Denne gongen er det ikkje heilt gratis å få sniglemiddel. Men ein unngår samstundes å måtte kjøpe ingrediensar og blande sjølv.

– Det kostar 20 kroner per husstand, og det kan ein anten betale kontant eller Vipps, fortel Moen Standal.

Pengane går ikkje til kommunen, men skal fordelast på klassar og organisasjonar som deltek på dugnad med å legge ut snigleåte på fellesområde i kommunen. Så her er det mogleg for frivillige å tene nokre kroner til ein aktivitet eller klassetur.

– Dei som ønsker å delta på denne dugnaden må ta kontakt, så får dei tildelt område. Pengane blir fordelt på kvadratmeter, dei som legg ut i størst område får mest, fortel ho.

Det er altså andre gang i år at Flora kommune inviterer til brunsnigledugnad. Dugnaden i vår var ein stor suksess, og mange la ned ein stor dugnadsinnsats.

– Planen er at vi skal ha ein tilsvarande runde neste år, med same metode. Ein kan ikkje rekne med at Florø skal bli kvitt brunsnigelen, men vi håpar at dette hjelper på å redusere bestanden betrakteleg, seier miljørådgjevaren.

Gratis levering på SAR

Som eit ledd i snigledugnaden er det no også gratis innlevering av hageavfall på SAR på Botnastranda. Gratisleveringa gjeld plantemateriale.

– Dette gjer vi for at sniglane ikkje skal ha yngleplass i hageavfall som vert liggande i hagen. Og i tillegg for at svartelista plantar ikkje skal bli dumpa der dei ikkje skal vere, seier Moen Standal.

Den svartelista planten parkslirekne er ein av verstingane. Denne må pakkast i plastsekkar og leverast til brenning. Den kan ikkje leverast med anna hageavfall som går til kompostering.

Flora kommune har fått midlar til denne innsamlinga, og det vil vere gratis fram til det er innlevert 10 tonn med plantemateriale. Eventuelt vert aksjonen avslutta ved nyttår, om ein ikkje har fått inn denne mengda.

Artikkeltags