Omsorg sprakk med over sju millionar - likevel er Flora-økonomien i balanse

Terje Heggheim

Terje Heggheim Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Flora kommune oppnådde balanse i drifta i 2017, melder rådmannen.

DEL

Flora kommune har eit mindreforbruk i den ordinære drifta på nærare seks millionar kroner for driftsåret 2017, melder rådmann Terje Heggheim.

Drift av tenestene kom ut med eit samla meirforbruk på om lag to millionar kroner.
 

Stor sprekk på omsorg

Utfordringa har vore størst innanfor omsorgssektoren, som kom ut med eit meirforbruk på heile 7,7 millionar kroner.

I revidert budsjett i juni 2017 fekk Flora-politikarane informasjon om at omsorgstenesta brukte åtte årsverk meir enn budsjettert. Omsorgstenesta skreiv då i sin rapport at situasjonen var ekstraordinær, og at behovet for tenester var skiftande og vanskeleg å planlegge.

«Ca. åtte årsverk meir enn budsjettert blir per i dag nytta for å gje tenester til dei som har vedtak om det», stod det å lese rapporten. I prognosen låg det då an til eit meirforbruk på 5,4 millionar kroner i 2017.

Etter dette vart det gjort mange grep for å forsøke å spare inn att meirforbruket. Men resultatet viser no altså at ein brukte 7,7 millionar kroner meir enn ein i utgangspunktet hadde.

Flora har det siste året hatt stort press på omsorgstenestene, med sjukare heimebuande pasientar, fullt belegg i institusjonane og manglande omsorgsbustader på grunn av utsettinga av Docen 2.

Høgare inntekter

- Det tel positivt at vi fekk høgre inntekter og lågare kostnader på renter og avdrag enn vi budsjetterte med. Skatt og rammetilskot vart også noko høgre i 2017, opplyser rådmannen.

VA-sektoren (vatn og avlaup) gjekk med underskot. Det gjorde dei også i 2016. i dei to siste åra har underskotet kome opp i 9,6 millionar kroner.

Rådmannen legg opp til å låne av det kommunale bufferfondet for å dekke dette underskotet.

Låner overskot

- I tillegg låner vi også dei seks millionane som vart overskot i 2017. Grunnen til framlegget frå rådmannen ligg i reglar om at vi ikkje kan ta med oss negative fond vidare, skriv Heggheim på Flora.kommune.no.

Etter dette er den samla avsettinga til disposisjonsfond på nærare 25 millionar kroner.

Artikkeltags