Til kamp mot brunsniglane

TIL KAMP: – Får vi lagt ut denne sneglegifta er det ein god sjanse for at det vil ta knekken på store delar av brunsneglane, fortel miljørådgjevar i Flora kommune Kaja Standal Moen og Renate Solheim og Nina Nyttingnes i Flora hagelag. Foto: Linda Regina Bruvik

TIL KAMP: – Får vi lagt ut denne sneglegifta er det ein god sjanse for at det vil ta knekken på store delar av brunsneglane, fortel miljørådgjevar i Flora kommune Kaja Standal Moen og Renate Solheim og Nina Nyttingnes i Flora hagelag. Foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 3 år gammel

Flora kommune og Flora hagelag skal dele ut gratis sniglegift til alle hageeigarar, og håpar du vil hjelpe dei å legge den ut.

DEL

Brunsnigelen er eit stadig aukande problem i mange område i Flora kommune, og dette vil ein no gjere noko med. Saman med Flora hagelag byr kommunen til dugnad for å forsøke å minimere snegleplagen.

– Kommunen stiller med gratis sniglegift, Nemaslug, til alle hageeigarar, fortel miljørådgjevar i Flora kommune, Kaja Standal Moen.

Nemaslug er ikkje farleg for andre enn brunsnigelen, den er ikkje giftig for verken hage, menneske eller dyr.

– I Nemaslug er det ein parasitt som tar livet av snigelen. Parasitten døyr ved 30 grader, og er såleis ikkje farleg for varmblodige skapningar.

La naturen gå sin gang

Nemaslugen skal blandast med havregryn, korn eller gammalt brød og alkoholfritt øl, og skal pakkast og rullast saman til ein ball på størrelse med ein tennisball. Så legger ein den ut i hagen og lar naturen gå sin gang.

– Vi lagar klart porsjonar, så kan hageeigarar komme og hente, og sjølv blande og rulle det. Ein slik ball har rekkevidd på minst 25 meter, så ein treng ein til kvar hage, legg ho til.

Sneglegifta vert delt ut laurdag 20. mai, frå klokka 11, på Flora hagelag sin planteloppemarknad på Amfisenteret.

– Her kan ein få til eigen hage, og ein må gjerne også ta med til naboar, fortel ho.

Ballen bør helst leggast under ei busk eller liknande, slik at ikkje fuglar et den opp. Etter vel ei veke vil sniglane som har spist av denne begynne å døy. Så blir dei spist opp av andre sniglar, som også vert sjuke og døyr. Etter at ein har lagt gifta ut, må ein ikkje plukke eller drepe sniglar.

– Då forstyrrar ein heile prosessen. Heile poenget er at dei døde sniglane skal bli åte for andre, slik at gifta spreier seg vidare og drep stadig fleire, seier Standal Moen.

Drammen kommune har forsøkt denne metoden med stort hell. Der har dei hatt ein merkbar nedgang. Kor ofte ein må gjenta dette er usikkert.

–Vi må nesten ta det som det kjem, seier Standal Moen.

– Fantastisk initiativ

Flora hagelag set stor pris på at kommunen engasjerer seg.

– Det er heilt fantastisk at kommunen deler ut Nemaslug. Det er eit dyrt middel, som kostar over 400 kroner for den minste pakken, seier Renate Solheim og Nina Nyttingnes.

– Når kommunen stiller opp på denne måten, så er det viktig at vi stiller opp på denne felles dugnaden. Viss alle blir med, så er det stor sjanse for at det blir veldig lite sniglar att, seier dei.

I tillegg til at private får delt ut sniglegift, skal det vere ein aksjonsdag for offentlege område.

– Det skjer måndag 22. mai. Då håpar vi lag, organisasjonar, store og små blir med å legge ut slike Nemaslug-ballar på grøntområde, i turområde og liknande, seier dei.

I første omgang er dugnaden no for Florø og Brandsøy. Standal Moen oppfordrar grendene til også å engasjere seg og lage dugnad.

- Dei skal sjølvsagt få gratis Nemaslug av oss, seier Standal Moen.

Om aksjonen

Laurdag 20. mai er det utdeling av sneglegift til private hageeigarar. Ein kan komme på Amfi frå klokka 11, og møte hagelaget som deler ut Nemaslug.

Måndag 22. mai er det stordugnad for å legge ut snegleåte på offentlege grøntområde, turområde o.l.

Sneglegifta/-åten består av sneglemiddelet Nemaslug, blanda med havregryn/gammalt brød e.l. og alkoholfritt øl. Middelet er ikkje farleg for andre enn sneglar, og er ikkje giftig.

Det blir oppretta to Facebook-eventar der ein kan finne meir info om dei to dugnadane, «Brunsnigleaksjon for Florø og Brandsøy»

Artikkeltags