Desse vegane får asfalt i år - tre av øyene får vegoppgradering

Flyfoto:

Flyfoto: Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Er «din» veg blant dei heldige?

DEL

Tysdag vedtok Flora kommune sitt Plan- og samfunnsutval kva vegar som skal få asfalt eller oppgradering i 2018.

Det er sett av seks millionar kroner til asfaltering og 6,4 millionar til oppgradering av vegar i kommunen i år. Tiltaka som no er planlagt fullført kostar til saman 11,3 millionar.

Desse vegane i Florø/Eikefjord skal etter planen reasfalterast i år, totalt 2407 meter veg, til ein kostnad på 1,65 mill kroner:

1. Øvrebøvegen (Eikefjord) - 655 meter

2. Bergmovegen - 180 meter

3. Vågavegen - 500 meter

4. Digreneset - 657 meter

5. Nybøvegen Vest - 215 meter

6. Nybøvegen Øst - 100 meter

7. Dalvegen - 100 meter

Ny asfalt i øyane

Vidare skal ein bruke 6,4 millionar kroner til nyasfaltering. 3,9 kilometer av Hovdevegen på Hovden få asfalt.

Det skal også Kvernhusvegen (690 meter), Fanøyvegen (220 m) og Lauvåsvegen (1040 meter)  på Fanøy.

Oppgradering i øyane

Det er planlagt å bruke 2,3 millionar kroner til oppgradering av vegar på Svanøy. Her skal vegen klargjerast for asfaltering på eit seinare tidspunkt.

Vidare skal vegen på Kinn reparerast for 700.000 kroner, då det kom store skader her på grunn av dårleg vêr i 2017.

I tillegg skal Fanøyvegen få 220 meter med rekkverk og gjerde.

Totalt er desse tre oppgraderingane rekna å koste 3,2 millionar kroner.

Artikkeltags