Fryktar at delar av vegen kan rase ut – innfører vektbegrensing på køyretøy

Sigmund Solheim. Arkivfoto

Sigmund Solheim. Arkivfoto

Flora kommune har oppdaga setningsskadar på Steindalsvegen, og innfører vektbegrensing på køyretøy. Geolog har vore på staden, og måndag blir det montert måleutstyr.

DEL

Fredag ettermiddag går Flora kommune til det steg å innføre vektbegrensing på 1625 Steindalsvegen, den kommunale vegen som går frå fylkesveg 541 Svardalsvegen og opp mot Steindalen.

Vegen har fått setningsskadar i området ved Skolten, og det har rasa ut masse, etter at det har vore ein del anleggsarbeid med tyngre køyretøy i området.

Det opplyser Sigmund Solheim, konstituert leiar for teknisk drift i Flora kommune.

– Vi har no innført ei grense på totalvekt på 3,5 tonn for dei køyretøya som skal ferdast på vegen. Vi må unngå større køyretøy her, og har laga til ei innsnevring på staden. Vi vil følge med heile helga, og gjere ei ny vurdering måndag, fortel han.

Det er ingen omkøyringsmoglegheiter.

Vegen kan bli heilt stengt på kort varsel om det vert oppdaga ytterlegare setningsskadar.

Torsdag var det geolog på staden, og kommunen ventar no på ein detaljert geologisk rapport.

– Måndag skal vi få montert måleutstyr på vegen, så vi kan undersøke om vegen sig, seier Solheim.

Artikkeltags