Flora styrer mot eit overforbruk på 18 millionar kroner

KOMMUNALE AVGIFTER: Flora-innbyggarane risikerer ein 20 prosents auke i kommunale avgifter på den siste rekninga i 2018.

KOMMUNALE AVGIFTER: Flora-innbyggarane risikerer ein 20 prosents auke i kommunale avgifter på den siste rekninga i 2018.

Sviktande inntekter og overforbruk i tenestene gjer at Flora må finne inndekning for 17,9 millionar kroner.

DEL

Tysdag er det møte i Flora bystyre, og her får politikarane framlagt økonomirapporten for 2. tertial 2018.

Den viser at kommunen ligg an til eit overforbruk på 18 millionar kroner. Dette er basert på økonomisk informasjon kjent i starten av september, og tenestene sine månadsrapportar per juli månad, rapportert inn i slutten av august.

Rådmannen vurderer no å auke dei kommunale avgiftene til innbyggarane med 20 prosent frå 4. kvartal, som eit tiltak for å redusere meirforbruket.

(Presisering: Firdaposten kalla dette først eit underskot, men det blir upresist, då meirforbruket blir balansert i budsjettet. Kommunen klarar å finne inndekning for overforbruket m.a. ved bruk av havbruksfondsmidlar)

Meirforbruk på 17,9 millionar

– Totalprognosen viser eit samla meirforbruk på 17,9 millionar kroner. Dette er før eventuell stryking av avsetting til bufferfond, og før bruk av havbruksfondsmidlar. Det er stor risiko for at kommunen må nytte fondsmidlar for å balansere driftsrekneskapen i 2018, noko som vil vere særs lite bærekraftig. Rådmannen bil følge tenestene tett opp, med mål om å redusere meirforbruket så mykje som mogleg, står det i sakspapira til politikarane.

Omsorgstenesta si økonomiske ramme vart reellt sett styrka med vel seks millionar kroner frå 2017 til 2018. Utover denne rammeauken rapporterer no omsorgstenesta eit meirforbruk på 8,195 millionar kroner. Det er fleire årsaker til dette;

– Sjukelønsrefusjonen er redusert, og det er lågare inntekt frå toppfinansiering av ressurskrevjande brukarar. Her ligg det an til ein svikt i refusjonsinntektene på fem millionar kroner. I heimetenestene er det framleis stort press, på grunn av auka behov for tenester hos innbyggarane. så her går ein med ekstra personale. I Bu- og miljøtenesta har ein forutsatt å få ein effekt av styrka leiing og auka samdrift, men dette tar tid, og planlagt innsparing på 1,6 millionar viser seg no å vere urealistisk.

Nedlegginga av Solbakken asylmottak byrjar også å merkast i budsjetta. Flora bustadkontor rapporterer eit meiforbruk på 0,8 mill, hovudsakleg på grunn av tap av husleigeinntekter etter nedlegginga.

Flora Bygg og Eigedom rapporterer om eit mogleg meirforbruk på nesten 1,3 millionar. Ein million av dette er fornying av festeavtalane med Opplysningsvesenets Fond, som har auka tomtefesteprisane. Vidare er prisauke på papir og såpe ei utfordring for tenesta.

Politisk leiing, rådmann, stab og støtte er områder som styrer mot budsjettbalanse i 2018.

Oppvekstsektoren har også eit mogleg meirforbruk, men melder at dei samla sett truleg vil styre mot budsjettbalanse.

For å ta inn overforbruket og inntektssvikta og gå i balanse i 2018 vil Flora kommune mellom anna bruke av havbruksfondet, og la vere å sette av midlar til bufferfond.

Inntektssvikt på vatn

På VAR; vatn, avløp og renovasjon, er der også ei utfordring. Mens renovasjon går i balanse, går vatn og avløp truleg inn med eit underskot på 4,6 millionar kroner. Dette er inntektssvikt, hovudsakleg knytta til sal av vatn til industrien.

– Det er framleis liten aktivitet på både Fjord Base og i Gunhildvågen. Låg byggeaktivitet medfører dessutan inntektssvikt i forhold til budsjetterte tilknytingsavgifter.  Eit mogleg tiltak er å auke dei kommunale avgiftene i 4. kvartal. Til dømes vil ein auke på 20  prosent frå og med 4. kvartal kunne redusere meirforbruket med vel 1,3 millionar kroner, står det i saka.

Dette skjedde også i fjor vår, då ville dåverande rådmann Terje Heggheim også auke avgiftene med 20 prosent;

- Ei av årsakene er lågare sal av vatn til oljeaktiviteten i Nordsjøen. Det er nesten ikkje supplyskip i Florø lengre, og vassmengden vi har seld til oljeindustrien er redusert. Nedlegginga av Pelagia har også medverka til dette, sa Heggheim til Firdaposten i juni 2017.

I 2018 ligg Flora framleis eit stykke under landssnittet på kommunale avgifter. Landssnittet ligg på 13.682 kroner, mens i Flora er den på 10.996. I desse tala ligg ikkje eigedomsskatt.

Kommunale avgifter 2018

Dette tar kommunane i kommunale avgifter i 2018
(Vatn, avløp, renovasjon og feiing. Eigedomsskatt er ikkje inkludert)

Bremanger: 15.886

Vågsøy: 10.585

Førde: 10.486

Flora: 10.996

Kjelde: Statistis sentralbyrå

Eigedomsskatt 2018 (Einebustad på 120 kvm):

Flora: 6.300 (3 promille)

Bremanger: 4.280 kroner (7 promille)

Vågsøy: 3.800 (4 promille)

Førde: 3.985 (6 promille)

(Eigedomsskattenivået er påverka av både promillesatsen og av takseringsgrunnlaget. Flora har låg promillesats, men høgt takseringsgrunnlag, då ein nyleg har retaksert og grunnlaget difor er påverka av dagens bustadsprisar)

Artikkeltags