Enorme forskjellar i kor mykje kommunen krev for å søke byggjeløyve

I Førde kostar det 16 290 kroner å få byggesøknaden handsama. I Fjaler slepp du unna med 6000 kroner.

I Førde kostar det 16 290 kroner å få byggesøknaden handsama. I Fjaler slepp du unna med 6000 kroner.

EIGEDOM: Dei dyraste kommunane her i landet krev meir enn tre gonger så mykje som gjennomsnittet berre for å la deg søke om å få byggje hus. Forbrukarrådet er kritisk.

DEL

Norske kommunar kravde i gjennomsnitt 13.699 kroner for å behandle byggjesøknader i fjor. Det er nesten 10 prosent meir enn i 2016, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Statistikken avslører store forskjellar i kor høge gebyr kommunane tar for å behandle søknader om byggjeløyve. Mens du i enkelte kommunar kan søke gratis om å få byggje ein einebustad på opptil 200 kvadratmeter, vil du i andre kommunar måtte ut med fleire titusen kroner, viser ein gjennomgang Forbrukarrådet har gjort av tala som er innrapporterte gjennom Kostra, Kommune-Stat-Rapportering.

Det melder Firda.

Flora dyrast, Gaular aukar mest

I vår del av fylket er det Flora som ha dei dyraste gebyra. Der vil det koste 20 791 kroner å få byggesøknaden handsama. I andre enden av skalaen finn vi Fjaler, der kostnaden er 6000 kroner.

I 2016 var det Gaular som var billegast, med 4125 kroner. Dei har nesten tredobla dette siste året. No kostar sakshandsaminga 12 000 kroner.

Men framleis er det langt til landstoppen for kommunane i vårt område.

Ny kalkulator

Huseiernes Landsforbund lanserte fredag ein eigen kalkulator, der ein kan sjekke byggesaksbehandlinga i alle kommunane i landet.

Her får ein opp storleiken å gebyret, og gjennomsnittleg sakshandsamingstid.

Ein byggesak har i utgangspunktet ein sakshandsamingsfrist på 12 veker. I Flora kommune er gjennomsnittleg sakshandsamingstid 40 dagar.

I Vågsøy kostar byggesaksgebyret 10.840 kroner, og kommunen har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på ti dagar.

I Bremanger er kostnaden på 11.300. Men sakshandsamingstid er ikkje oppgitt.

Dei fem dyraste:  
KommunePris 2017Pris 2016
Røyken4610045000
Nittedal4405049606
Hole4130040600
Nedre Eiker410043996
Lørenskog3831738317
   
Dei fem billigaste:  
Krødsherad00
Vinje00
Tokke 000
Dyrøy 1.92219221866
Bindal20702070
  
   
Kommunar i fylket  
Sogndal17 50817 308
Bremanger11 30010 800
Eid7 6247 260
Hornindal6 5506 350
Gloppen7 0306 850
Naustdal13 39213 078
Førde16 29015 890
Jølster10 1709 870
Gaular12 0004 125
Flora20 79120 284
Vågsøy10 84010 520
Gulen11 80011 800
Solund7 5007 320
Hyllestad10 0007 000
Høyanger12 00012 000
Askvoll7 7007 700
Fjaler6 0006 000

Skal vere sjølvfinansierande

– Mange av dei 30 dyraste kommunane ligg i same område, dei er ofte nabokommunar til storbyar og har mange av dei same utfordringane. Likevel er det store sprik i størrelsen på byggjesaksgebyra. Då må vi stille spørsmål ved om dei krev meir enn dei faktiske kostnadene ved behandling av søknaden, seier fagdirektør Anne Kristin Vie i Forbrukarrådet til NTB.

Røyken kommune i Buskerud har tatt over topplasseringa som Noregs dyraste kommune å søke byggjeløyve i. Her må du ut med 46.100 kroner for å få behandla søknaden. I Nittedal, som i 2016 kravde 60.000 kroner for den same tenesta og då var den desidert dyraste kommunen, rapporterte i fjor inn 44.050 kroner.

Den tredje dyraste kommunen er Hole i Buskerud, som krev 41.300 kroner for å behandle ein byggjesøknad for ein einebustad på 200 kvadratmeter.

Artikkeltags