Vil ha meir fleksible fellingskvotar

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Bør eit storvald med treårige forvaltningsplanar få høve til å skyte den totale treårskvoten når det måtte passe dei, innafor jakttida?

DEL

Ja, meiner Eikefjord storvald, som no er i dialog med viltforvaltninga i kommunen om dette spørsmålet. Dette blir ei av sakene som årsmøtet får lagt føre seg når grunneigarar og rettshavarar møtest til årsmøte på Allhuset førstkomande fredag.

— Vi ønskjer større fleksibilitet, og det vil ei slik ordning gje. Samtidig vil det krevje stor disiplin frå jegerane, konstaterer Gunnvar Seljeset som er leiar i Eikefjord storvald.

Sjølv er han spent på korleis hjorten har takla dei til dels store snømengdene i indreliggande område i vinter.

— Eg blir ikkje overraska om nedgangen i bestanden frå i fjor held fram. Hjortebestanden i området vårt er nok nedadgåande, og ein litt tøff vinter kan forsterke dette, fryktar Seljeseth.

Likevel var det eit godt 2014 jegerane i storvaldet la bak seg.

— Vi felte 143 av 153 dyr, noko som gir ein fellingsprosent på heile 97. Det er bra. Samtidig må vi vere varsame med uttaket av vaksne hodyr, elles vil vi forsterke tendensen med for få ungdyr i terrenget, slik vi såg tendensar til i fjor, konstaterer storvaldsleiaren.

Artikkeltags