Kommunen har bestemt seg: Krympar minstearealet og meir hjort skal fellast

NYE AREALKRAV: Neste jaktsesong treng du ikkje meir enn 500 dekar for å ha rett til å få tildelt fellingsløyve på hjort, har Flora kommune bestemt.

NYE AREALKRAV: Neste jaktsesong treng du ikkje meir enn 500 dekar for å ha rett til å få tildelt fellingsløyve på hjort, har Flora kommune bestemt. Foto:

FLORØ: Trass i protestar og skepsis: Det nye minstearealet for tildeling av hjorteløyve i Flora kommune blir på 500 dekar.

DEL

Trass i skepsis frå fleire storvald, fleire bondelag og ein del rettshavarar: Flora kommune har fatta vedtak om å redusere minstearealet for tildeling av hjorteløyve frå 750 til 500 dekar.

Det betyr i praksis at kvar enkelt grunneigar vil få tildelt fleire løyve enn i dag, og at det er ønskjeleg å få felt meir hjort samla sett i kommunen.

Kommunen bad om hjorte-råd, men svara sprikjer i alle retningar 

I høyringsrunden som nyleg blei avslutta, kom det fram ein god del skepsis mot framlegget, og fleire frykta at redusering av arealkravet vil føre til oppsplitting av storvalda.

Men skeptikarane blei ikkje høyrde, og det nye minstearealkravet på 500 dekar skal gjelde for heile Flora kommune.

Klagefristen på vedtaket er sett til 8. april.

Artikkeltags