Senterpartiet vurderar auka tvangsbruk i helsevesenet

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det bør vurderast å auke bruken av tvang i helsevesenet for å gi utsette grupper naudsynt hjelp til å berge liv og helse, meinar stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).

DEL

Fredag blei ein mann i 60-åra funne død i ein kommunal bustad i Florø, og kommunen innrømmet at rutinesvikt var årsak til at dødsfallet ikkje blei oppdaga tidlegare. Mannan skulle ha tilsyn to gonger i månaden, men dette blei stoppa i mai, då vedkommande som hadde tilsynet gjekk ut med sjukemelding.

Det er derfor uvisst når mannen døde.

– Eg har fått tilbakemeldingar frå helsevesenet om at det i nokon tilfeller kjennes veldig feil at dei skal sitte å sjå på at folk går til grunne, og at det er i slike tilfeller kan vere grunn til å gå inn, sjølv om dei det gjeld ikkje ønsker dette, seier stortingsrepresentant og helepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe NRK.

I følge Toppe, som vil følgje opp debatten politisk, må pasientrettigheitene til ei kvar tid vere sterke, men at det i fleire tilfeller er naudsynt med bruk av tvang for å hindre sjukdom og død. (©NTB)

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) her er under Senterpartiet sitt landsmøte i Haugesund i mars i år. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) her er under Senterpartiet sitt landsmøte i Haugesund i mars i år. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Artikkeltags