Flest flytta til Flora, men Solund er folkevekstvinnaren

Solund runda 800 innbyggarar og har dermed størst prosentvis vekst i folketalet hittil i år.

Solund runda 800 innbyggarar og har dermed størst prosentvis vekst i folketalet hittil i år. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Hittil i år har Flora ei folkevekst på 42 personar, medan det bur 24 færre i Årdal no enn i starten av året.

DEL

Frå 1. januar til 1. april har folketalet i fylket auka med 77 personar. No er vi 110.243 innbyggarar i Sogn og Fjordane. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Flora har ein folkevekst på 42. Sogndal har 35 fleire innbyggarar, og Gloppen har 21 fleire. Likevel er det Solund som har størst prosentvis vekst. Med seks fleire innbyggarar har kommunen no eit folketal på 800. Ti personar har flytta til Solund, medan fire har flytta ut.

Her kan du sjå alle tala for fylket.

Størst nedgang har Årdal som har 24 færre innbyggarar no. Det betyr at dei det bur 5339 folk i kommunen. Størst prosentvis nedgang har derimot Bremanger, der det bur 22 færre, og er 3825 innbyggarar no, melder Firda.

Flest fødde i Førde

Totalt i fylket blei det født 262 barn frå 1. januar til 1. april. I Førde kom det 37, medan Florø er på andreplass med 26 fødde. Deretter kjem Sogndal med 24, før Gloppen med 18.

Flest flyttar til og frå Førde

Førde hadde flest innflyttarar med 199 personar, men flest flytta også frå Førde: 217 stykke. 125 flytta til Florø, medan berre 93 flytta ut. 118 flytta til Sogndal, medan 96 flytta ut.

Artikkeltags