«Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget». Slik vart siste del av paragraf 2 i Grunnlova, den såkalla «jødeparagrafen», formulert på Eidsvoll i 1814. For nokon vart forbodet mot jødar oppfatta som eit forsvarstrekk for eit liberalt styresett mot antatte farar skapt av autonomi og seperatisme. Jødiske samfunn representerte ein stat i staten, vart det gjerne hevda.


Innleiinga er formulert
av Frode Ulvund i boka «Fridomens grenser – Håndhevelsen av jødeparagrafen 1814-1851», men kunne like gjerne vore ein del av Flora kommune si handsaming av MC-klubben Devils Choice i 2015. Politikarane i to hovedutval vedtok 3. mars ei formulering som er til forveksling lik «jødeparagrafen». «Flora kommune tek avstand frå organisert kriminalitet, herunder 1%-klubbar og -miljø, og erklærer desse for uønskte i kommunen. Det skal ikkje gjevast skjenkeløyve til klubbar som politiet definerer som kriminelle».
På same måte som det for eidsvollmennene var heilt naturleg å erklære jødar for uønskte i riket på bakgrunn av fordommar, stigmatisering og frykt, så stemplar florapolitikarane fleire av innbyggjarane i kommunen som kriminelle, og erklærer dei uønskte i kommunen, utan rettssak, dom og utan å ha høyrt dei aktuelle personane si side av saka.

Les meir:


Alle i kommunen,
inkludert medlemmane av Devils Choice, kan enkelt slutte seg til formuleringa i det kommunale vedtaket om at «Flora kommune tek avstand frå organisert kriminalitet». Som politikarar og innbyggjarar er vi forplikta til å følgje norsk lov, og treng ikkje vedta at vi tek avstand frå handlingar som er straffbare. Men resten av formuleringane i vedtaket er det som gjer at Flora kommune no ser ut til å kunne få sin eigen «jødeparagraf».
«..herunder 1%-klubbar og –miljø, og erklærer desse for uønskte i kommunen». Formuleringa kan verke harmlaus, all den tid begrepet «1%-klubbar» vert nytta på MC-klubbar definert som kriminelle. Problemet er berre at ingen har høve til å definere nokon som kriminell. Det er berre domstolane, med bruk av straffeloven, som definerer kven som er kriminell. Det finst ingen motorsykkelklubb i Norge som er dømt for organisert kriminalitet, og Devils Choice MC er det ikkje.

Å erklære seg som 1%-klubb er kanskje ikkje lurt, men det er like lite kriminelt som når muslimske organisasjonar i Norge erklærer at dei er for dødsstraff for karikaturtegnarar eller tvangsekteskap. Ytringa er ikkje kriminell, handlinga er det.
Det er openbart at grunnleggjande rettsprinsipp og borgarrettar ikkje har særleg tilslutnad blant lokalpolitikarane i Flora, då fleire av dei vert totalt tilsidesett i det politiske vedtaket. Prinsippet om at ein er uskuldig til det motsette er bevist gjeld ikkje, prinsippet om at ein skal likebehandlast av det offentlege uavhengig av organisasjonstilhørighet er broten, ytringsfridomen likeså.


Politikarane i Flora manglar grunnleggande kjennskap til at den norske grunnlova byggjer på eit maktfordelingsprinsipp, om at ingen statsmakt skal kunne misbruke si makt. Difor er maktfordelinga i Norge delt i tre. Vi har ei lovgjevande makt, som er det folkevalde Stortinget. Stortinget skal vedta lovene og løyvingane i statsforvaltninga. Deretter har vi den utøvande makta, som er Kongen/Regjeringa.
Regjeringa har ansvar for utøvinga av Stortinget sine vedtak og «drifta» av landet. Herunder ligg blant anna Politiet sine oppgåver med å førebyggje, avdekke og etterforske kriminalitet. Og til sist har vi den dømmande makta, som er domstolane.
 

Trass i at det er dei to andre maktene som har ansvar for å utforme og handheve lovene, så er det berre domstolane som har mynde til å fastslå om ei lov er broten, og og om nokon er kriminell eller ikkje.
I vedtaket til Flora kommune står følgjande: «Det skal ikkje gjevast skjenkeløyve til klubbar som politiet definerer som kriminelle».

Problemet med den formuleringa er at florapolitikarane bryt maktfordelingsprinsippet. Florapolitikarane bryt prinsippet som skal sikre innbyggjarane mot maktmisbruk, og flytter den dømmande makta over til den utøvande. Det grunnleggjande rettsprinsippet om at ein er uskuldig til det motsette er bevist skal ikkje lenger eksistere.


Flora FrP skal være med å førebyggje organisert kriminalitet. Men vi er ikkje villig til å definere vanlege hardtarbeidande familefedre som kriminelle eller uønskt, utan at det er bevist eller at dei er dømde for det. Som politikarar er vi sett til å forvalte demokratiet, organisasjonsfridommen, ytringsfridommen, og rettstryggleiken. «MC-paragrafen» vil verte ein like stor skamplett i historia, som «jødeparagrafen» allerie er blitt. Har vi ikkje lært?


Frank Willy Djuvik

Gruppeleiar Flora Frp