Flora Hamn får 8 millionar til landstraumanlegg for skip

ENOVA: Enova støttar no ti nye prosjekt som kuttar klimagassutslepp frå skip ved kai. To av prosjekta er i Florø.

ENOVA: Enova støttar no ti nye prosjekt som kuttar klimagassutslepp frå skip ved kai. To av prosjekta er i Florø. Foto:

Flora Hamn er ein av ni søkarar som får millionbeløp til etablering av landstraumsanlegg på kaier.

DEL

Enova gir no støtte til ti nye prosjekt som kuttar klimagassutslepp frå skip ved kai.

– Enova arbeider for Norge si omstilling til lavutsleppssamfunnet, og for maritim næring er landstraum eit viktig steg i retning av utsleppsfri sjøtransport, seier administrerende direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Følgande ti prosjekt får støtte:

StøttemottakerStedStøttebeløp
Plug ASCruisekaiene Prestebrygga og 
Storneskaia, Ålesund
26 000 000 kr
Eramet Norway ASPorsgrunn, Sauda, Kvinesdal 
og Tyssedal
13 339 500 kr
Borg Havn IKSØra-terminalen, Fredrikstad9 717 731 kr
Oslo Havn KFNordre Sjursøykai, Oslo9 088 854 kr
Eigersund Næring og Havn KFKaupanes, Egersund6 552 552 kr
Halden kommuneMølen kai, Halden6 222 500 kr
Flora Hamn KFBotnastranda, Florø5 013 150 kr
Molde og Romsdal Havn IKSHurtigrutekaien, Molde4 481 000 kr
Flora Hamn KFFugleskjærskaien, Florø3 234 250 kr
Sandnes Havn KFSandnes havn3 041 000 kr
Sum 86 690 537 kr

Landstraumanlegga skal vere sett i drift seinast 1. januar 2021.

Dette er Enova sin sjuande konkurranse med støtte til utbygging av landstraumanlegg i norske hamner, og den siste i sin noverande form. Til saman har Enova innvilga nesten 580 millionar kroner i støtte til rundt 90 landstraumprosjekt langs heile kysten.

Samstundes er elektrifiseringen til sjøs i ei rivande teknologisk utvikling, og det påverker også korleis marknaden for landstraum bør utvikle seg framover, poengterer Enova-sjefen:

– Om nokre år treng vi straum på kaikanten ikkje berre for å drifte skipene ved kai, men for å lade batterier om bord slik at også deler av seglasen kan bli utsleppsfri.

Enova tar difor no ein fot i bakken og vurderer ulike alternativ for vidare satsing.

– Infrastruktur på land er framleis ein viktig del av våre planar for å bygge morgondagens utsleppsfrie sjøtransport, men vi må finne den modellen som gir mest mogleg att for pengane og som kan bygge ein levedyktig marknad på sikt, seier Nakstad.

Som eit ledd i dette arbeidet gjennomfører nå Enova i samarbeid med NVE og Kystverket ei utgreiing som ser på det langsiktige behovet for infrastruktur i hamner, i tillegg til kva marknadsmessige forhold som må på plass.

– Vi tar sikte på å lansere eit nytt støttetilbud til etablering av land- og ladestraum tidleg neste år. Fram til då vil vi fokusere på å bygge opp etterspurnaden gjennom å bidra til at fleire skip vert bygt eller ombygt med moglegheit for å ta imot straum frå land, avsluttar Enova-sjefen.

Artikkeltags