Dei arrangerer stor fest for morsmålet

Bente Nilsen SV politikar bystyre Flora Florø

Bente Nilsen SV politikar bystyre Flora Florø Foto:

Krokane barnehage synst morsmål er så viktig, at dei torsdag inviterer alle til stor fest på samfunnshuset på dagtid.

DEL

Torsdag klokka 10.30 inviterer Krokane barnehage, Innvandrarsenteret, Flora frivillegsentral og biblioteket alle til fest, for å feire den internasjonale morsmålsdagen.

Det blir song av barna i barnehagen, innslag med dans og trommer frå Innvandrarsenteret, og ei utstilling i biblioteket. Etter at underhaldninga er over, blir det servering av gratis internasjonal fingermat, laga av Innvandrarsenteret si kjøkkengruppe.

- Dette er eit initiativ frå Krokane barnehage, som i alle år har feira denne dagen, og som ønsker meir fokus på kor viktig morsmålet er. Eins eige morsmål er svært viktig for å kunne andre ting. Kan ein morsmålet sitt godt, er det lettare å lære alt anna. Det er jo eit mål at ein skal få morsmål inn i barnehagane, seier Bente Nilsen, dagleg leiar i Flora frivillegsentral.

- Morsmålet er også ein del av identiteten din, som er viktig gjennom heile livet. Det var som ein kommenterte; «Mitt morsmål er min identitet. Det er kjærleik», seier Nilsen.

Ho oppfordrar alle som har lyst til å ta turen til samfunnshuset torsdag. Fleire av barnehagane kjem, og foreldra er også hjarteleg velkomne.

- Og for dei som har fri, kan ein jo gå direkte på gratiskinoen vi har sett opp klokka 13, Dragetreneren 3. Så då har ein fleire timar med gratis, kjekke aktivitetar på samfunnshuset, reklamerer Nilsen.

Artikkeltags