Er bystyre-kvintetten i oppløysing?

Dei fem gruppeleiarane i partia som "Kvintetten" i Flora bystyre. Frå venstre: Målfrid Steindal Sp, Solveig Willis Ap,  Martin Malkenes MDG, Bente Nilsen SV og Jan Henrik Nygård V.

Dei fem gruppeleiarane i partia som "Kvintetten" i Flora bystyre. Frå venstre: Målfrid Steindal Sp, Solveig Willis Ap, Martin Malkenes MDG, Bente Nilsen SV og Jan Henrik Nygård V.

Artikkelen er over 3 år gammel

Nei, meiner gruppeleiarane i Venstre og Ap. Men det spøker for budsjettfleirtal.

DEL

I førre veke braut Torgunn Eikevik (V) ut av samarbeidet med kvintetten, i samband med saka om skuleturar og nytt kommunalt regelverk for desse. 

Eikevik stemte då saman med Høgre og Samlingslista, og sikra fleirtal i Levekårsutvalet for å halde fram praksisen som i dag. Saka skal vidare til bystyret, der det er usikkert kva side som vil få fleirtal.

Ho uttalte då til Firdaposten at ho ikkje vil vere i partisamarbeidet lenge, då ho har problem med å samarbeide med Ap etter saka om oppdrett i Veiesundet.

LES OGSÅ: Rådmannen sitt klassetur-framlegg vart nedstemt 

Per i dag har samarbeidskvintetten med Ap, Venstre, Sp, SV og MDG 15 representantar i bystyret, av 31 folkevalde. Høgre, Samlingslista, KrF og FrP har også 15. Den siste representanten er uavhengige Kari Vårdal, som har meldt seg ut av Arbeidarpartiet. Også ho har nemnd Veiesundet som medverkande årsak til utmelding.

Eikevik sa til Firdaposten i førre veke at ho har meldt seg ut av samarbeidet med kvintetten, men at ho framleis er medlem i Venstre og står for deira politikk. Det er såleis uklart kva ho vil røyste i dei ulike sakene, og både ho og Vårdal har sagt at dei vil vurdere det frå sak til sak.

Kvintetten har dermed eit veldig usikkert fleirtal i bystyret, og ordførar Ola Teigen kan risikere å måtte styre etter eit budsjett med borgarleg påverknad etter handsaminga av revidert budsjett no i juni.

LES OGSÅ: – Ja, Veiesund-saka har vore medverkande

Steinvik får fortøye ved Veiesundet 

- Budsjettet blir første prøvekluten

Men kvintetten er ikkje i ferd med å gå i oppløysing, seier varaordførar Jan Henrik Nygård (V).

- At Torgunn Eikevik seier ho ikkje vil delta i samarbeidet må vi sjølvsagt ta med oss vidare, i den grad ein kan melde seg ut av eit slikt samarbeid. Men ho seier jo at ho ikkje er misnøgd med Venstre sin politikk, seier Nygård til Firdaposten.

- Vi har allereie mista fleirtalet ved at Arbeidarpartiet har mista to representantar (Vårdal og Anne Lise Midtbø, jour.anm.). Når vi då får Eikevik litt på sidelinja så blir det enda meir krevjande å få fleirtal. Revidert budsjett no i juni vert ein test i seg sjølv, seier han.

Men den største testen vil komme i desember, når ein skal spikre budsjett og handlingsprogram for dei kommande åra.

- Då vil vi nok merke at det blir vanskeleg, vedgår Nygård.

Han meiner at både Eikevik og Kari Vårdal er bundne av programma dei vart vald inn i bystyret på.

- Dei er vald inn på bakgrunn av lokale program, og kan ikkje røyste imot desse. Det er naturleg at dei uansett følgjer programma, meiner han.

Nygård er førebels usikker på korleis dei skal handtere Eikevik sitt standpunkt til partisamarbeidet.

- Dette er ikkje enkelt, eg veit faktisk ikkje heilt korleis vi skal takle det, seier han.

- Samarbeidet held fram

Solveig Willis, gruppeleiar i Arbeidarpartiet, ser ikkje at noko er endra for kvintetten.

- Vi har framleis eit samarbeid, hovudsakleg i budsjettsaker og saker med budsjettkonsekvens, og det skal vi halde fram med. I samarbeidssamanheng forheld eg meg til gruppeleiarane, og det samarbeidet er godt. Vi har ein tett dialog, og vi skal klare å sikre budsjettsamarbeidet, seier Willis.

- Etter vår eiga utmelding nyleg hadde vi ein samtale med samarbeidspartia, og vi er blitt samde om å halde fram som før. Elles, når det gjeld Eikevik så må Venstre handtere den situasjonen sjølv.

Gruppeleiaren fortel at dei ikkje samarbeider like tett som i perioden rett etter valet.

- Vi prøvde å ha eit tett samarbeid i starten, og det er vel kanskje ikkje like tett no. Men vi har ein del saker i avtalen vi må samarbeide om for å få gjennomslag for, og det forpliktar både dei og oss. Mellom anna når det gjeld styrking av skule og omsorg, og miljøsaker. Viss vi spriker i store saker med budsjettkonsekvens, så vil det bli vanskeleg å nå dei felles måla i avtalen, seier Willis.

Midtbø er i tenkeboksen

Bystyrerepresentantane Jan Arve Midtbø og Torgunn Eikevik har samarbeida tett i denne perioden. Midtbø seier til Firdaposten at han er i tenkeboksen når det gjeld Venstre-medlemskapet sitt.

- Eg vil sjå det an. Eg er meget skuffa over fleire ting i Venstre, men det gjeld i hovudsak sentralt. Per i dag er eg medlem. Men det er ikkje sikkert eg røyster Venstre ved Stortingsvalet, seier Midtbø.

Når det gjeld kvintetten, meiner han samarbeidet har mista sin funksjon.

- Kvintetten har jo ikkje fleirtal lengre. Og det er det Arbeidarparti-gruppa sjølv som har ordna, dei har mista to medlemmer i bystyregruppa, påpeikar han.

(Saka held fram under bildet)

Skuffa over partiet og bystyret

Ei sak han er spesielt skuffa over, både sentralt og lokalt, er samanslåinga av Flora og Vågsøy.

- Det er det mest idiotiske vedtaket Flora bystyre har gjort, seier han.

Han synst også samarbeidet med Arbeidarpartiet ikkje er like godt som det var med Høgre i førre bystyreperiode.

- Eg er litt lei av at ein ikkje kan halde det ein lovar, og ikkje står for det vi er blitt samde om. Når vi samarbeidde med Høgre heldt dei alltid avtalane sine, seier Midtbø.

Han peikar mellom anna på saka om omlegging av innfartsvegen til å gå gjennom Markegata, der Plan og samfunn ville utsette saka, mens formannskapet omgjorde vedtaket.

- Eg er skuffa over denne overkøyringa av Plan og samfunn. Men det er ikkje berre berre å bryte med eit parti og ein samarbeidsavtale heller. Vi har jo ein avtale som sikrar skulane i distrikta, utan den veit eg ikkje kva som vil skje, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken