Evakuerer heile basen etter kjemisk reaksjon

Alle dei over 500 tilsette på Fjord Base er sendt heim, etter at ein feilblanding av maursyre og nitrat skapte røykutvikling ved tankanlegget på kaiområdet. Fleire melder om ubehag etter å ha pusta inn røyk. 19 personar får behandling, og tre er lagt inn på sjukehus til observasjon.

DEL

- Det har vore eit uhell inne på basen, det er noko syre som har lekt ut, opplyste Alarmsentralen i Sogn og Fjordane mens utrykkinga pågjekk like før klokka 10 torsdag føremiddag.

- Brannvesenet er sendt inn for å få kontroll på situasjonen. Men vi veit førebels veldig lite, sa  Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen til Firdaposten.

Både politi, brannvesen og helsepersonell kom raskt på staden.

Det gjorde også Firdaposten sin utsendte journalist, men han fekk ikkje sleppe inn på baseområdet.

Politi på staden opplyste at det var innåndingsfare, og at ein difor måtte halde avstand.

- Ikkje lekkasje

Klokka 10.35 opplyser Beate Grønnevik i INC Gruppen at det ikkje er snakk om ein lekkasje.

- No har vi fått undersøkt kva det er som har skjedd. Det er to stoff som har blitt blanda, som ikkje skal blandast. Så det handlar om ei feilfylling, informerer ho.

Det er blandinga av dei to stoffa som har ført til røykutvikling.

- Helsepersonell, industrivern og brannvern er på plass. Situasjonen er under kontroll, og det minkar på røyken, seier Grønnevik.

Tømmer kontor

Firdaposten sin journalist på staden opplyser at ein klokka 10.35 er i ferd med å evakuere kontora på vestsida av basen, som ligg i nærleiken av tankane der uhellet har skjedd.

Dette stadfestar brannsjef Robert Endestad.

- Vi har evakuert store delar av kaiområdet på Fjord Base. Vi har no røykdykkarar inne, som kjøler ned tanken med vatn, seier Endestad.

- Det skal vere ein slags maursyre som har reagert med eit nitrat. Dette har skapt røykutvikling og gass, opplyser han.

Det er oppretta ei eiga tryggleikssone med ein radius på 200 meter frå den aktuelle tanken.

Klokka 11 er totalt sju bygningar i nærleiken evakuert, totalt om lag 117 personar.

- Fleire til helsesjekk

- Det er to personar som har gjennomgått helsekontroll ved ein ambulanse på staden, fordi dei hadde vore utsett for luftutslepp, informerte Beate Grønnevik.

Litt over klokka 11 vert fleire personar sendt til kontroll, fordi dei har vore innanfor ein radius på 200 meter frå der utsleppet skjedde.

- Det er sett opp ein eigen helsesjekk inne på baseområdet, og dei som har befunne seg innanfor denne grensa vil få ein helsesjekk, seier ho.

- Alle vert sendt heim

Klokka 11.30 opplyser Grønnevik at dei har evakuert fleire bygg, og at alle dei tilsette på Fjord Base vert sendt heim.

Fleire opplyset at dei opplever ubehag etter å ha pusta inn røyken frå den kjemiske reaksjonen.

Det er ikkje farleg for nokon som er utanfor baseområdet.

Klokka 12.45 melder politiet at fleire er sendt til sjukehus etter ubehag i samband med ulykka.

Ein rekke personar får no behandling, men ingen skal vere alvorleg skadde. 42 personar har fått legetilsyn på staden.

- 19 personar har rapportert om ubehag. Seks av desse vert lagt inn ved sentralsjukehuset i Førde for observasjon, melder Vest politidistrikt på Twitter.

- Personane er svimle og tungpusta, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen, til NRK.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags