Opna kvalen på jakt etter plast

– Ei mildt sagt spesiell oppleving, seier Martin Malkenes, som fekk vere med å opne den daude kvalen som har stranda på Midttunet.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

Tysdag denne veka kom meldinga om ein død kval i fjøresteinane på Solheim. Torsdag var Flora brannvesen og miljø-rådgjevar i Flora kommune, Kaja Standal Moen, på plass for undersøke dyret. Også MDG-politikar Martin Igland Malkenes fekk vere med, og saman med Standal Moen skar han opp magen på dyret for å sjå om det hadde plast i magen.

– Det var mildt sagt ei spesiell oppleving å stå å skjere i ein død kval. Men heldigvis var det ikkje noko plast å finne, det var gledeleg, seier Malkenes.

– Spennande

– Det var spennande å delta på undersøkingane. Men trist å sjå at den truleg har fått ein skade i snuten og underkjeven, som har gjort at han ikkje kan ete. Og han har mest sannsynleg svolte i hel, magesekken var heilt tom. Det såg i alle fall slik ut for oss, sånn kvasi-medisinsk, seier han.

Det ser ut som delar av både snute, underkjeve og tenner har blitt kappa av. Malkenes trur kanskje det kan ha vore ein propell som har skada dyret.

Først var det snakk om at dyret var ein kvalross, som er ein seltype: Tannlaus kvalross på to tonn stranda i Florø


Men dette vart avkrefta, og forskarar ved Norsk Polarinstitutt trur det kan vere ein tannkval eller spisskval, ifølge NRK.

– Det er truleg ein kvaltype som ikkje et blekksprut eller liknande dyr som kan forvekslast med plastposar, seier Malkenes.

Glad for plastfokus

Malkenes, som er bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne, synst det er svært gledeleg at Flora kommune prioriterer denne saka så høgt.

– Eg set stor pris på at dei set av ressursar til å finne ut om det er plast i kvalen. Det viser at det har effekt å ha MDG i bystyret, meiner han.

FANN IKKJE PLAST: Martin Malkenes (MDG) og Kaja Standal Moen frå Flora kommune fann ikkje noko plast i kvalen. – Det er gledeleg at det ikkje var noko plast å finne, seier Malkenes. Foto: Linda Regina Bruvik

FANN IKKJE PLAST: Martin Malkenes (MDG) og Kaja Standal Moen frå Flora kommune fann ikkje noko plast i kvalen. – Det er gledeleg at det ikkje var noko plast å finne, seier Malkenes. Foto: Linda Regina Bruvik

For straks han høyrde om den daude kvalen tok han kontakt med miljørådgjevaren i kommunen, for å sikre at dei sjekka innhaldet i dyret. Då fekk han også lovnad om å få vere med, og det enda med at han sjølv stod i regnklede med kniv i handa, og skar i eit rotnande kvalkadaver.

Kvalen kan ha vore død i fleire månader og reist langt før den skylte på land i Florø. No skal prøver av kvalen testast for å slå fast kva dyr det er, og kanskje finne ut kva som har skjedd. Statens naturoppsyn var på staden torsdag ettermiddag og tok med seg prøvene.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Usikker på art

Varabrannsjef Eivind Ask seier til Firdaposten at ein framleis ikkje veit kva art dyret er. Men det er truleg ein type tannkval.

– Men det vi først trudde var støyttennene til ein kvalross er truleg delar av underkjeven. Mest truleg har kvalen døydd ein naturleg død, for så å bli skadd av ein båt, seier Ask.

Brannvesenet vil mest sannsynleg prøve å dra kvalen til havs over helga. Men han er usikker på korleis dei skal få det til. Dyret er i ferd med å gå i oppløysing, og kadaveret er stort, stinkande og utflytande.

– Vi har forsøkt å få tau rundt det, men har ikkje lukkast. Så vi har litt av ein jobb framfor oss, seier Ask.

Han understrekar at det eigentleg ikkje er brannvesenet sin jobb å fjerne daude dyr.

– Dette er ei naturleg hending, og eigentleg skal dyre berre ligge der og rotne, og bli mat for andre dyr. Men for naboane sin del tenker vi å prøve å flytte den, seier Ask.

Kaja Standal Moen, miljørådgjevar i Flora kommune, Magne Igland, brannsjef, Martin Malkenes, MDG-politikar og Eivind Ask, varabrannsjef.

Kaja Standal Moen, miljørådgjevar i Flora kommune, Magne Igland, brannsjef, Martin Malkenes, MDG-politikar og Eivind Ask, varabrannsjef. (Foto: )

– Viss ikkje vi fjernar den, så er den så stor at den vil bli liggande til ut på sommaren. Med litt sol og varme vil dette lukte veldig, og det vil ikkje vere noko kjekt for bebuarane i området, seier varabrannsjefen.

Martin Malkenes (MDG) OG Kaja Standal Moen, miljørådgjevar i Flora kommune.

Martin Malkenes (MDG) OG Kaja Standal Moen, miljørådgjevar i Flora kommune.

Artikkeltags