Innrømmer feil i brannsjeftilsettinga - gir jobben til Kim Hjelle

Rolf Bjarne Sund og Terje Heggheim.

Rolf Bjarne Sund og Terje Heggheim. Foto:

Kinn-rådmannen ber om orsaking for å ha gjort feil i tilsettingssaka.

DEL

– Eg har gjort feil og ber om orsak. I saka om tilsetting av brannsjef i Kinn har vi bygd på ein føresetnad som viser seg å vere feil, skriv prosjektrådmann Terje Heggheim i sitt fredagsbrev.

– Føresetnaden var at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) dispenserte frå forskrifta og såleis godkjende brannsjefen i Flora slik at han også var formelt kvalifisert som kandidat til stillinga som brannsjef i Kinn. Vi fekk dispensasjon, men noko var uklart, skriv han.

Flora kommune tok difor kontakt med DSB for å få ei naudsynt avklaring av kva vedtaket omfatta. Etter denne avklaringa er det blitt klart at Flora kommune feilaktig har lagt til grunn at vedtaket også omfatta dispensasjon frå kvalifikasjonskrav knytt til stillinga som brannsjef. Dette er ei misforståing som har fått følger i den vidare prosessen.

Manglar ei godkjenning

– Ei godkjenning som brannsjef ligg ikkje føre, og difor blir også tilsettinga som brannsjef i Kinn feil, seier Heggheim.

– Vi har lest i avisene om saka, både i artiklar og lesarbrev. Som rådmann kommenterer eg aldri personalsaker i media. Grunnen til at det har gått tid før vi no informerer handlar om å vurdere kva handlingsrom vi har når vi erkjenner å ha gjort ein feil, utdjupar Heggheim.

Forskrifta det er snakk om inneber ei avgrensing i kommunen sin handlingsfridom. Dette er rettslege krav som går utover kommunen sin styringsrett.

– Brannsjefen i Flora var på tida for tilsetting ikkje kvalifisert til å bli vurdert som brannsjef, nettopp med bakgrunn i denne forskrifta, seier Heggheim.

I forkant av tilsettinga vart begge vurderte som kvalifiserte. Med dette utgangspunktet vart Robert Endestad vurdert som best eigna etter ein heilskapsvurdering.

Blir tilbydd Hjelle

Når det no viser seg at Endestad ikkje er formelt kvalifisert til stillinga, blir stillinga tilbydd Kim Hjelle.

– Eg vil rose dei begge for å ha vore særs ryddig i denne prosessen. Det er ei vanskeleg sak å stå i og begge har vore profesjonelle i situasjonen, skriv Heggheim.

Han vedgår vidare at det kanskje er spesielt å omtale denne saka i eit fredagsbrev, men seier han gjer dette fordi han veit at avisene vil omtale saka når dette vert kjend.

– Vi held sjølvsagt fram dialogen med dei saka gjeld, avsluttar han.


Artikkeltags