- Grunnen til at vi gjer dette, er denne saka nok ein gong vil vere tema på fylkespartiet sitt årsmøte om to veker, og vi ønskjer kunnskap sa Ap-leiar i Flora, Oscar Bergheim, då han ønskte velkommen.

Ser framover

Fylkespartiet har tidlegare ved to ulike høve støtta eit fjorddeponi i Førdefjorden, men no skal saka opp ein tredje gong.

Møtet måndag kveld var delt i to, der ålmenta hadde adgang til første delen, der både Nordic Mining, Fiskarlaget og Naustdal kommune fekk legge fram sitt syn på saka. Naustdal kommune vart representert ved rådmann Øyvind Bang-Olsen som gjorde greie for planprosessen som vart starta opp allereie i 2007, og heile den lange behandlinga som saka til no har vore gjenstand for.

Men først ut var altså Ivar Fossum, direktør i gruveselskapet Nordic Mining. Han bad om at ein retta blikket framover og ser på mineralar som naudsynte reiskapar for å skape klimavennlege samfunn.

- Ting er i ferd med å endre seg i Norge og vi må fokusere på kva vi kan skape av ny industri. Dette er særleg viktig for distrikta, peika han på.

Norge har seks operative sjødeponi som brukar 25 kvadratkilometer med areal medan dei rundt 1300 oppdrettsanlegga legg beslag på 500 kvadratkilometer med areal, sa Fossum, og meinte at det er vanskeleg å sjå at mineralnæringa og sjødeponi har hatt nokre konsekvensar for havbruket. Han peika også på at restmassane frå Engebøfjellet har eit lågt innhald av tungmetallar, omlag identisk med havbotnen dei skal kvile på, og at tilsetningsstoffa som skal brukast, ikkje er giftige.

- Det ville vere heilt uaktuelt å drive fram eit prosjekt som har varige negative konsekvensar for miljøet, eller ulemper for dei andre som skal drive ved sjøen, sa han.

Etterlyser gjennomført sakshandsaming

Jan Henrik Sandberg er forskningsleiar hos Norges Fiskarlag og lite nøgd med den lange og kronglete prosessen som Engebø-saka har vore gjennom. Han meinte at sjømatnæringa sine forvaltingsorgan, næringsorganisasjonar og også forskingsinstitutt i liten grad har vorte høyrde.

- I konsekvensutgreiinga er dei positive effektane vektlagde, medan dei negative effektane langt frå er godt nok ivaretekne, sa han og meinte sakshandsaminga burde vore meir gjennomført.

- Samfunnsøknonomisk er det heller ikkje analysert grundig nok kva desse planane vil innebere - til no har verken eksisterande fiskeri/havbruk eller reiseliv vorte lagt inn i reknestykket, påpeika han.

Han var også kritisk til måten Nordic Mining har handtert fiskerinæringa sine ønskje om å få tilgang til til dømes SINTEF sine modellar for partikkelspreiing frå deponiet.

- Men då fekk vi avslag, og beskjed om at alle henvendingar skulle gå via Nordic Mining.

Han var klar i sin konklusjon:

- Vi veit nok til å kunne avslå planene om å forureinse Førdefjorden.

Sa nei

Spørsmåla og kommentarane frå publikum gjekk i all hovudsak ein veg. Elin Tveit Sveen frå Marø Havbruk takka Fossum for at han hadde fokus på å skape robuste næringar i distrikta:

- Men det føler eg også vi gjer. Vi har 30 arbeidsplassar, omsette for 400 millionar i fjor og ganske mange arbeidsplassar knytte opp mot næringa både i vår kommune og i nabokommunane. Det som har mangla i alle konsekvensutgreiingar er å sjå på konsekvensane for sjømatnæringa i Førdefjorden, sa ho.

Ho fekk støtte frå oppdrettskollega Alex Vassbotten, som hadde følgjande kommentar til Ap-poliltikarane som skulle diskutere seg fram til eit standpunkt seinare på kvelden:

- Sjansen er til stades for at vi vil måtte legge ned våre lokalitetar i Askvoll og i Veiesundet. Det er ikkje synd på meg - eg sel, og får meir pengar enn eg vil greie å bruke opp. Men samfunnet misser eit selskap som betalar 30 millionar kroner årleg i skatt, og som ønskjer å få ting til her på våre kantar. Eg håpar de har det i bakhovudet når de no skal diskutere dette.

Det har partiet antakeleg gjort, for i vedtaket sitt valde dei å gå i mot eit fjorddeponi.

- Fleirtalet var mot fjorddeponi, så Flora Ap vil stemme mot fjorddeponi på fylkesårsmøtet, stadfesta Oscar Bergheim.