Flest dødsulykker med fritidsbåt i Vestland i 2020

Etter ein travel båtsommar er det færre omkomne frå fritidsbåt enn på lenge.

Etter ein travel båtsommar er det færre omkomne frå fritidsbåt enn på lenge. Foto:

I 2020 omkom 20 personar frå fritidsbåt, med flest dødsulykker i Vestland. Utviklinga nasjonalt viser ein nedgang.

DEL

I ei pressemelding frå Sjøfartsdirektoratet kjem det fram at det i 2020 omkom 20 personar frå fritidsbåt. Trass at dei fleste nordmenn hadde sommarferie i Noreg og at det har vore ein særs travel båtsommar, er dette ein nedgang på åtte frå året før.

– Det at 20 personar har mista liver er tragisk, seier fungerande Sjøfartsdirektør Lars Alvestad i pressemeldinga.

– Me må likevel kunne seie at me er gledeleg overraska over at tala ikkje er høgare, spesielt med tanke på at me har lagt ein særs aktiv båtsommar bak oss. Me håpar at denne utviklinga viser ei trend. Målet er at ingen skal mista livet ved bruk av fritidsbåt, seier han.

Promille og manglande bruk av flyteutstyr

Årsstatistikken for 2020 viser at rus-/alkoholpåvirkning var medverkande i halvparten av ulukkene, medan heile 65 prosent av dei omkomne ikkje brukte flyteutstyr. 16 personar omkom i forbindelse med helg. Fem personar omkom medan båten låg til kai, til dømes i samband med fortøying eller når dei gjekk til eller frå båten. Dette viser at det er viktig med gode tryggleikstiltak i hamneområda. Dette kan til dømes vere montering av stigar med god merking, lys, sklisikring og liknande.

– Dette syner at det haldningsskapande arbeidet er viktig, også i tida framover. For sjølv om dei fleste båtbrukarane no har stort fokus på tryggleik for seg sjølv og passasjerane, så er det dessverre framleis dei som gløymer enkle tryggingstiltak som å halde seg edru og bruke flytevest, seier Alvestad.

Vestland er fylket med flest dødsulykker, fire totalt.

12 av dødsulykkene skjedde i trongt kystfarvatn.

Ein gjentakande trend viser at dei omkomne oftast er menn. Dei siste fem åra har åtte prosent av dei omkomne vore kvinner, medan 92 prosent har vore menn. I 2020 mista ingen kvinner livet i fritidsbåtulykker. Av dei omkomne i 2020 var 80 prosent 40 år eller eldre og snittalderen var 59 år.

Synkande trend

Gjennomsnittet dei siste 10 åra har vore 29 personar i året. 2020 er også året med det lågaste talet på registrerte omkomne sidan Sjøfartsdirektoratet i 2001 byrja å registrere dødsulykker ved bruk av fritidsbåt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken