Haldninga til leiar Hilmar Høl frå tungindustrikommunen Årdal har ikkje endra seg., Det nye er at fleire og fleire i det industrivennlege Ap ser ut til å ha innsett at miljøulempene med å dumpe store mengder gruveavfall rett i fjorden er for store og at det vil råke andre allereie etablerte næringar i området.
Fylkesnestleiar Solveig Willis frå Flora er i mot sjødeponi. Ho understrekar at ho er for gruvedrift. Men kan ikkje seie ja til fjorddeponi.
– Ut frå eit føre-var-prinsipp så har eg landa på at deponi ikkje er noko god løysing. Privat jobbar eg i oppdrettsnæringa, så der er ein sterk skepsis til korleis det vil påverke den aktiviteten vi driv med, seier ho til NRK.
I desember synte ei spørjegransking Norstat gjorde for NRK at 61 prosent av Arbeidarpartiet sine eigne veljarar rundt Førdefjorden er mot gruvedrift i Naustdal. Sidan då har lokallaga i mellom anna Flora, Førde og Eid teke til orde mot fjorddeponi.
Ap-ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang er skuffa over snuoperasjonen i styret i fylkespartiet. Han trur at fakta kanskje ikkje kome godt nok fram.
Alle nasjonale faginstansar som Havforskinga og Miljødirektoratet seier nei til sjødeponi-løysinga.