Fleire tilfelle av seksuell trakassering i Vest politidistrikt

BERGEN: – Vårt største problem er at for få tør å seie frå når dei blir utsette for negative opplevingar. Det skal vi endre, seier politimeister Kaare Songstad.

DEL

Vest politidistrikt si interne undersøkingsgruppe har sidan april jobba fulltid etter påstandar om ukultur og tilfelle av seksuell trakassering i politidistriktet. Totalt er 62 personar intervjua om temaet.

– Dei aller fleste som blei intervjua har ikkje opplevd noko innanfor kategorien seksuell trakassering. Men rapporten slår fast at vi har utfordringar i Vest politidistrikt. Vi har fått informasjon om enkeltsaker som no blir følgde opp. Og så har vi garantert hendingar vi ikkje veit om fordi vi har ein kultur som gjer at enkelte ikkje tør å seie frå. Her krevst det endring, seier Songstad.

Oppmoda tilsette å seie frå

Vinteren 2020 skreiv fleire medier om ukultur i Vest politidistrikt etter at to forskarar som hadde intervjua tilsette i politidistriktet gjekk ut og fortalde om uheldig kultur knytt til dei operative miljøa. Saka fekk stor merksemd internt og Songstad oppfordra gjentekne gongar tilsette som hadde opplevd negative hendingar om å seie frå.

I årets medarbeidarundersøking svarte 1,6 prosent av dei tilsette at dei har vore utsette for uønskt seksuell merksemd dei siste 12 månadane. Av desse sa 4 av 5 at dei ikkje har sagt frå.

Undersøkingsgruppas rapport, som blei overlevert politimeisteren 11. juni, omtalar ikkje konkrete enkeltsaker. Desse blir følgde opp med dei det gjeld og deira leiarar. Sakene involverer åtte menn, der sju er i ulike leiarposisjonar. Rapporten har hovudfokus på organisasjonskultur og kvifor så få vel å seie frå.

– Openheit om og oppfølging av rapporten er det viktigaste eg gjer no. Det skal ikkje vere tvil om at eg meiner alvor når eg seier det er nulltoleranse for seksuell trakassering i Vest politidistrikt. Difor vel eg å gå ope ut med funna som er komne fram, seier politimeisteren.

Politimeisteren trur utfordringane er ekstra store på politihuset i Bergen, uavhengig av organisatorisk tilknyting.

– Vidare trur eg det handlar om delar av politi- og leiingskulturen og at det gjeld fleire stadar i politidistriktet. Det er veldig mykje som er bra, men enkelte delar av vår kultur må vi sjå på i eit nytt lys. Så her må vi må jobbe breitt, esier Songstad.

11 anbefalingar

Undersøkingsgruppa kjem med 11 konkrete anbefalingar for arbeidet mot ukultur og seksuell trakassering. Førre veke blei rapporten lagd fram for toppleiinga, fagforeiningar og hovudverneombod.

– Vi er einige om å samarbeide tett om oppfølginga av rapporten. I tillegg har AMU sett ned eit eige underutval for å følge opp saka. Tiltaka skal vere synlege og gå føre seg i full openheit. Det er kva vi gjer vidare no som tel, seier Songstad.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken