Natt til laurdag, i totida, fekk AMK-sentralen melding om at ein person trong hjelp.
Vedkomande, som oppheldt seg ved Florø barneskole, var så rusa at han ikkje kunne ta vare på seg sjølv, og helsepersonell rykka ut for å bistå.
Vel eit døgn seinare, i tretida natt til søndag, måtte dei i sving igjen. Denne gongen var det ein overstadig rusa person ved taxisentralen i sentrum som måtte ha tilsyn. Personen blei teken hand om av helsepersonell.