Fleire nye koronatilfelle i Kinn og Bremanger

MEIR SMITTE? Utanlandske arbeidarar på veg til Måløy og til Bremanger testa positivt for korona i helga, stadfestar smittevernoverlege Jan Helge Dale. Foto: Dag Frøyen
Nye tilfelle av korona både i Kinn og Bremanger.
Ifølgje Helse Førde er det registrert to nye koronatilfelle blant 227 prøvar som blei analysert måndag.
Det eine tilfellet gjeld Kinn kommune, det andre Stryn.
Men smittevernoverlege Jan Helge Dale slår fast overfor Måløy24 at det er snakk om fleire tilfelle sidan helga og fram til i dag, og at noko av dette kan tilskrivast utanlandske arbeidarar som vender tilbake til norske arbeidsplassar etter juleferie.
I helga blei det registrert to nye tilfelle i Måløy og eitt i Bremanger. Desse positive prøvane blei tekne på flyplassar ved innreise til Norge og er dermed ikkje med i statistikkane til Helse Førde.
Til Måløy24 seier Dale at dei smitta har hatt nærkontaktar under reisa og etter at dei hamna i karantene etter ankomst.
Ifølgje Fjordenes Tidende skal det også vere tre utanlandske arbeidarar i Florø som no har fått påvist korona og som er i isolasjon. Og mellom 10 og 12 personar skal vere i karantene i Måløy som følgje av dei to positive prøvane der.
Kommentarer til denne saken