Frå før har nestleiar Solveig Strand i Strand Fiskeriselskap og Kristin Remøy i Remøy Havfiske hatt plass i styret. Etter årsmøtet i organisasjonen denne veka får dei med seg Janne Grethe Strand Aasnæs i Strand Havfiske i styret. Aasnes er også styreleiar i regionlaget Fiskebåt Vest.

Dermed er tre av dei elleve styremedlemmene i Fiskebåt kvinner.

– Alle er valde inn i styret i kraft av sin kompetanse og ikkje fordi dei er kvinner. Samtidig er det kjekt at vi har godt kvalifiserte kvinner å velje mellom når årsmøtet skal velje personar til dei styrande organa våre, seier dagleg leiar Audun Maråk i Fiskebåt i ei pressemelding.

Maråk peikar også på at det stadig blir fleire kvinner om bord i båtane, både som fiskarar og offiserar. Dessutan engasjerer stadig fleire kvinner seg i drifta av fiskefartøya.

– Det ville vore nyttig for den framtidige rekrutteringa av kvinner i fiskerinæringa at også kvinner som jobbar med drifta av reiarlaga vart likestilte med aktive fiskarar om bord i fartøya, seier Maråk.

Jonny Berfjord frå Dønna i Nordland vart attvald og går inn i sitt åttande år som styreleiar i Fiskebåt. Ved sida av Janne Grethe Strand Aasnæs vart også Kjetil Holmeset vald som nytt styremedlem.

(©NPK)