Det går fram av ei pressemelding frå MA – Rusfri Trafikk. Ferske tal frå Utrykkingspolitiet (UP) fortel at det hittil i år er 643 personar som har blitt stoppa og melde for køyring i ruspåverka tilstand i Vest Politidistrikt.

Det er 129 fleire enn i same periode i fjor.

Pandemien

Generalsekretæren i MA – Rusfri Trafikk, Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, trur aukinga har samanheng med dei to åra med pandemi som vi har vore gjennom.

– For å ta flest mogleg, er politiet avhengige av mannskap på vegane, tips frå publikum og ikkje minst alkotestar. Korona sette ein stoppar for dette. Nå har UP heldigvis moglegheit til å gjennomføre utandingsprøver igjen, utan å tenke på smittevern. Det trur vi er ein viktig årsak til auken, seier ho.

Ho minner om at tala kanskje ikkje viser heile bildet. Statistikken viser kor mange politiet stoppar. Ikkje kor mange som faktisk køyrer bil i ruspåverka tilstand.

Store mørketal

Vegkantundersøkingar tyder på at det kvar dag blir køyrd rundt 200.000 km der bilføraren er påverka av alkohol. Det betyr at mørketala er store og at svært mange ikkje blir tatt. I tillegg ser 2022 ut til å bli eit skrekk-år for trafikktryggleiken. Allereie har 97 personar mista livet, mot 80 i heile fjor.

– Vi veit av erfaring at rundt ein fjerdedel av alvorlege trafikkulykker kan knytast mot rus. Det at utrykkingspolitiet tar fleire rusa førarar kan dirfor tyde på eit større innhogg i mørketala. Det er vi veldig glade for, avsluttar Kristoffersen.

Statisitikken viser ikkje kva aldersgruppe som oftast blir tatt for å køyre i rusa tilstand i Vest Politidistrikt, men på landsbasis er det dei i alderen 25 til 44 som er verst.