Det skriv Våt Moro sjølv på Facebook.

– I etterkant av festivalen har vi blitt kontakta av nokre foreldre om at barna har fått utslett etter å ha brukt våtdrakter og boblebadet på kaia. Dette synst vi er svært kjedeleg, står det å lese på festivalen si facebookside.

Arrangørane tok straks grep;

– Vi sender no alle våre våtdrakter til desinfisering. Vi vil fjerne boblebadet frå kaia vår til neste år, slik at vi i framtida unngår slike hendingar, skriv dei.

Festivalsjef Frank Robert Klakegg seier til Firdaposten at dei har fått meldingar om rundt ti barn og unge som har fått utslett etter å ha brukt våtdrakt og boblebad under festivalen.

– Dette er festivaldeltakarar som har gått i våtdrakt i sola heile dagen, og har delteke på ulike vassaktivitetar. Dette har medverka til at dei har fått utslett. Alle våtdraktene vert no desinfisert hos BB-gruppa. I tillegg kuttar vi ut å ha boblebad i framtida, då stilleståande vatn kombinert med mykje folk kan skape bakteriar og smitte, seier Klakegg.