FK Tempo startar med Podcast: Viral sparkesykkel observert i Eikefjorden

Benjamin Eggen og Kristian Vårdal frå Tempo FK har starta podcast

Benjamin Eggen og Kristian Vårdal frå Tempo FK har starta podcast Foto:

PODCAST: Benjamin Eggen og Kristian Vårdal tek FK Tempo med ut på nye eventyr. Dei har starta Tempopodden!

DEL

I fjor kunne FK Tempo feire 50-årsdagen som vital del av Florø sitt fotballmiljø. I år har dei bestemt seg for å starte med podcast. Er det femtiårskrisa som rammar? Vi spurte Benjamin Eggen.

– Det er klart at når du bikka 50 år og har berre minna frå stordomstida på 80 og 90-talet å leve på, då må ein finne på noko som fenger, for spelet vårt gjer tydelegvis ikkje det. Podkast er ein gyllen moglegheit til å nå ut til fleire og med tid og stund kanskje publikum finn vegen tilbake til kampane våre.

Store ambisjonar

Det er ikkje noko å utsette på verken optimismen eller ambisjonsnivået. Eggen har fått med seg Kristian Vårdal på ideen, og dei tek sikte på å levere podcast kvar veke framover, der dei vil snakke om fotball generelt og FK Tempo spesielt. Det blir gode historier frå fortida. Det blir vurderingar av motstandarane. Det blir gjennomgang av kampar spelt, og dei skal nok også snakke om Florø Fotball når sjansen byr seg.

Dei tek sikte på å ha med seg ein gjest i studio kvar veke, men i den første podcasten er det berre herrane Eggen og Vårdal som slår seg laus. Kva handlar den første podcasten om?

– Første episode startar med at vi, i all vår audmjuke, kastar lys på våre eigne innslag i lokalavisa, på godt og vondt. Kvifor dukka ein noksagt som Kristian Vårdal plutseleg opp i Twitter-feeden til blant anna Bernt Hulsker, Bård Tufte Johansen og Ole Rolfsrud?

Blir det dame?

Eggen får også fortelje historia om då han hamna på framsida av Firdaposten, etter å ha vist fram ein kastarm få har sett makan til her i byen. Stikkordet er «sparkesykkel» og «russebuss».

Vi får også høyre om den gongen lokalderbyet mellom Tempo og Eikefjord for første, og kanskje siste gong var å finne på Oddsen. Vårdal avslører at heile podcastopplegget for hans del handlar om å skaffe seg dame, og det blir digresjonar, avsporingar, og generelt god stemning.

Firdaposten har latt Tempo-karane få boltre seg i vårt studio, og på vår plattform. Det betyr at du finn podcasten deira på same plass som du finn Firdaposten sine eigne podcaster, i alle høve i oppstarten.

Du kan høyre den akkurat her, eller du finn den under Firdaposten på Spotify og andre plassar som presenterer podcastar. God fornøyelse!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken