– Det blir eit syn for gudar

Under Fjordsteam, i 2010, rekna politiet med at det var over 10.000 menneske i sentrum.

Under Fjordsteam, i 2010, rekna politiet med at det var over 10.000 menneske i sentrum. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Det er ikkje kvar dag ein får oppleve over 40 veteranbåtar ligge til kai i same hamn.

DEL

Fjordsteam, festivalen for alle dei som elska veteranbåtar- og bilar, står for tur neste helg. Den fire dagar lange festivalen har stort fokus på fjord, kyst og framkomstmidla ein brukte i «gamle dagar».

– Det er allereie stor interesse rundt konvoien som skal gå frå Bergen-Skjerjehamn-Florø. Heile 30 båtar skal køyre i lag, og fire av dei er opne for publikum. Blant anna vår eigen MS "Atløy". Konvoien startar i Bergen på onsdag med overnatting på Skjerjehamn, før den kjem fram til festivalen i Florø på torsdag, seier fjordsteamadmiral Sander Ødelien.

Torsdagen blir det allsang på kaia med Sigrid Molstad, med god utsikt over alle dei flotte båtane.

– Det blir eit syn for gudar, lovar Ødelien.

"Kystens Dronning"

MS "Sandnes", grøn slik ho skal vere.

MS "Sandnes", grøn slik ho skal vere. Foto:

Blant perlene som kjem til Florø denne helga er og MS "Sandnes" og kjent som «Kystens Dronning». Båten gjekk i si tid nattruta mellom Sandnes og Bergen og er i dag  kjent for sine flotte lugarar og fantastiske restaurant. Båten skal og stå for dekkdans kvar kveld gjennom heile festivalen.

Festivalen har eit tett program alle dagar og tilbyr fleire flotte båtturar, både ut til øyane og inn i fjordane. Ein fin sjanse til å oppleve skjergarden og omlandet i standsmessige fartøy og køyretøy.

– For dei som har sett både Kinn, Batalden, Svanøya og resten av skjergarden, er fredagens tur til radiostasjonen «Roska» litt av ei oppleving. MS "Riskafjord" er ein av båtane som tek med publikum på ei reise i historia med Bjarte Sindre, frå historielaget, som guide. KNM Hitra, ein av tre ubåtjeger som den norske marina fekk av USA i 1943 blir og med, fortel Ødelien.

KNM "Hitra". Ei gåve frå USA til den norske marine i 1943.

KNM "Hitra". Ei gåve frå USA til den norske marine i 1943. Foto:

Og for dei som blir lett båtsjuk, er det og landsaktivitetar på tapetet. Fredagen blir det nemleg mjølkerute-tur til Norddalsfjorden i ein ekte «kombibil».

– Vi har lova tidenes guide, Norddalsfjorden store son, Jan Arve Midtbø. Der blir det nok rikeleg med gode historier.

Yrande torgliv

Laurdag er det duka for torgdag i hjartet av Florø, og båtane reiser tidleg ut i distriktet for å hente folk til byen. Gamle bilar, Bondens Marknad, 200 veteranbilar, spontankonsertar, revy og eit yrande liv.

– Då Florø sist arrangerte Fjordsteam, i 2010, rekna politiet med at det var over 10.000 menneske i sentrum. Det er mykje i vesle Florø. Og om ein ikkje bur i «øyane» kan ein følge dei oppsette rutene både morgon og kveld, avsluttar Ødelien.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken