«Atløy» stimar inn på etiketten

To etikettar, same ølET: Under Fjordsteam dukkar ølet opp under namnet «Fjordsteam». Etterpå går det tilbake til den kjende merkevara «Dampen». ILLUSTRASJON

To etikettar, same ølET: Under Fjordsteam dukkar ølet opp under namnet «Fjordsteam». Etterpå går det tilbake til den kjende merkevara «Dampen». ILLUSTRASJON

Artikkelen er over 5 år gammel

Det er ein god, gammal slitar som blir hylla på årets festivaløl.

DEL

Heilt sidan Dampølet til Kinn Bryggeri blei lansert under Fjordsteam i 2010, har enkelte kritiske røyster kritisert etiketten.

Dampskipet minner mistenkeleg om DS «Bøyrøysund», båten som blei bygd i Trondheim, men som i dag har Oslo som fast heimehamn.

Mange har spurt seg «Kvifor er det ikkje teikning av Atløy på etiketten?».

No treng dei ikkje lenger å lure.

Dampenølet blei laga til Fjordsteam sist gong arrangementet var i Florø, det vil seie i 2010. Det blei verande i sortimentet, og er kjent for dei fleste ved namnet «Dampen».

I dag har dei fleste festivalar sitt eige festivaløl, men den gong var det sjeldan vare.

Til årets Fjordsteam dukkar ølet opp i ny innpakking. MS «Atløy» stimar inn på etiketten, og det for å bli.

"Båten som er på dagens etikett, er eigentleg ein generell fjordbåt. Men det er riktig at den liknar meir på DS «Bøyrøysund» enn på MS «Atløy».

Espen Lothe, bryggerimeister.

– Endeleg blir vi kvitt den der Oslo-båten, seier Firdaposten til bryggerimeister Espen Lothe.

– Det er ikkje heilt riktig å seie det på den måten, svarar mannen bak det lokale mikrobryggeriet og held fram:

– Båten som er på dagens etikett, er eigentleg ein generell fjordbåt. Men det er riktig at den liknar meir på DS «Bøyrøysund» enn på MS «Atløy».

Svart og kvit samferdselshistorie

Strengt tatt er ikkje «Atløy» ein dampbåt, men ein motorbåt.

Likevel pyntar ho seg med kjælenamnet «Dampen» – til liks med alle dieselbåtane som gjekk i trafikk langs kysten.

Det handlar meir om eit fenomen enn om motorspesifikasjonar.

Då dei kolfyrte dampbåtane dukka opp rundt førre tusenårsskiftet, var det byrjinga på ein ny æra.

Les også: Dei bygde båten to gonger.

Tidlegare var jektene prisgitt vind og vêr, dei kom når dei kom.

Med motorbåtane kom faste rutetider, og det blei eit ritual for folk å samlast på kaia når Dampen kom. Det var høgdepunktet den dagen.

Les også: Det blir allsong med Sigrid Moldestad.

Dampen frakta med seg alt mogleg: varer, langvegsreisande, sladder.

Damp eller ikkje damp, «Atløy» blir fast på etiketten frå og med årets Fjordsteam.

Under arrangementet blir ølet selt under namnet «Fjordsteam», etterpå går det tilbake til den faste merkevara «Dampen».

Frå San Francisco til Florø

Men historia sluttar ikkje her. Dampølet har faktisk ingenting med samferdselshistorie å gjere.

Dampølet såg dagens lys i San Francisco og fekk namnet på grunn av all dampen som kom frå bryggeria.

Det var gjæra i grunne, opne gjæringskar, slike som dei bruker på Kinn Bryggeri i dag.

– Det spesielle med dampøl er at ein bruker ein gjær som er berekna på pils, men gjærar den på høgare temperatur. Det gir den karakteristiske smaken.

Kinn Bryggeri har hatt ølet i sortimentet i fem år, men det er først no at det blir laga heilt autentisk.

– Vi har kjøpt inn ein pilsgjær. Vi skal produsere pils i tillegg til Dampen, og dermed får vi gjenbruk på gjæra. Det er viktig å bruke den ofte for at den skal halde seg god.

Dermed er det ikkje så mykje meir å seie anna enn: Skål, Fjordsteam!

Artikkeltags