Destinasjonsselskapet Visit Fjordkysten har hatt sine utfordringar dei siste åra, men etter måndagens styremøte er den vidare drifta av selskapet sikra.
– Ein har sikra 800.000 kroner i ny eigenkapital, og endeleg vedtak om emisjon vert gjort i ekstraordinær generalforsamling 13. september, opplyser styreleiar Gunn Åmdal Mongstad.
Samstundes har ein vedteke å utsetje teikningsfristen til 7. september, då to kommunar og nokre næringsaktørar har bede om dette.
Så langt har både kommunar og næringsaktørar teikna seg for nye aksjar, og næringa sjølv peikar særleg på at det er viktig å ha eit selskap som kan halde fram arbeidet med å få fram gode reiselivsprodukt på kysten, fortel Mongstad.

Styreleiar Gunn Åmdal Mongstad: – Vi nærmar oss målet
Med ein vedteken emisjon, vil grunnlaget for vidare drift av Fjordkysten vere til stades, seier ho.
– Vi i styret er veldig glade for at vi er komme hit vi er no. Og for dei tilsette er det sjølvsagt viktig at vi no har fått landa dette, seier Mongstad til Firdaposten.
I tillegg til fleire eigarmøte, har selskapet i løpet av prosessen hatt møte med dei andre destinasjonsselskapa i fylket, og ser det som svært viktig å halde fram denne dialogen for m.a. å sjå på nye løysingar for marknadsføring.

Må utsette frist for kapitalinnsprøyting
Styret si målsetjing er at selskapet skal utviklast vidare og vere ein viktig aktør både for næringa og kommunane på kysten.
– Vi håpar at fleire vil teikne aksjar før fristen går ut, og gjerne fleire næringsaktørar. Det er viktig at vi har turistnæringa med oss, seier ho.
– Mange er nok veldig opptekne no midt i sommarsesongen, og det ser jo ut til å bli ein bra sesong også her på kysten. Vi reknar med at fleire kjem på bana etter kvart.